Hopp til innhald
Fagartikkel

Oppal av agurk

Det er tre moglege måtar du kan lage nye agurkplanter på: Du kan så frø, du kan ta stikling frå ei stor plante, eller du kan pode. Same kva du vel, tek det tid før den nye planta er stor nok til å bli planta i det veksthuset han skal stå i under produksjon. Denne tida kallar vi oppaltida.

Såing

Agurk har relativt store frø, og vi sår derfor eit og eit frø. Vekstmediet dei skal vekse i etter oppal, vil bestemme kva vi sår i. Skal dei vekse i torv eller jord, er det best å så i torv eller jord, skal dei vekse i steinull eller perlite, sår vi ofte i steinullblokkar. Frøa må dekkast til etter såing slik at dei ligg fuktig fram til spiring.

Temperatur

Det er tilrådd ein dagtemperatur på 25–26 gradar. Temperaturen på natt kan gjerne vere 3–4 gradar lågare enn på dagen.

Lys

Agurkplantene er lyskrevjande og frøplantene må få tilleggslys i vinterhalvåret. Etter spiring bør lysnivået vere minst 250–300 µmol/m2/sekund og daglengda bør vere 18 timar.

Stiklingar

Det er òg mogleg å få nye agurkplanter ved stiklingsformeiring. Det føreset at du har store planter du kan ta stiklingar frå. Då tek du skot som kjem i bladhjørna på dei store plantene, og set desse i jorda. Stiklingane bør ha 1–2 blad når dei blir stukne. Fram til stiklingane slår rot, er det viktig at det er høg luftfukt rundt dei. Det kan vere lurt å setje dei i eit plasttelt.

Poding

Mange av dei større agurkprodusentane vel å plante agurkplanter som er poda. Poding betyr at vi set saman to ulike planter. Vi bruker stengel eller stamme med rot frå ei plante og toppen frå ei anna plante. Stammen vi bruker, kallar vi grunnstamme.

Poding av vedaktige planter som frukttre og roser har vore vanleg i mange år, men poding av grøne, urteaktige planter har vore mindre vanleg. Poding av grøne planter, som agurk, kallar vi grønpoding.

Kvifor pode?

Fordelen med poding er at du kan velje ein grunnstamme som er sterk mot sjukdom, og pode på den sorten agurk du ønsker. Spesielt i økologisk dyrking kan poding vere eit godt alternativ som eit førebyggande tiltak mot sjukdom. I økologisk agurkproduksjon i veksthus må vi dyrke i bakken, noko som betyr at sjukdommar i jorda kan vere vanskeleg å bli kvitt.

Korleis pode?

Det er ulike teknikkar vi kan bruke når vi podar agurk. Kva teknikk vi vel, kjem an på kva grunnstammar vi har, og litt på storleiken på dei.

Dei nypoda plantene må ha høg luftfukt fram til dei har grodd saman. Vi kan til dømes lage eit plasttelt på veksthusbordet og dusje plantene ofte slik at fukta held seg konstant høg. Etter omtrent ei veke har dei to plantene grodd saman, og vi kan ta bort teltet.

Viss du skal prøve deg på poding, bør du søke råd hos nokon som har erfaring med dette.

Ompotting

Etter kvart vil plantene trenge større plass til både rot og bladverk, derfor bør agurkplantene pottast om ein gong før planting og setjast med litt avstand. Plantene er framleis små, og vi kan fort øydelegge dei viss vi ikkje handterer dei varsamt.

Utplanting

Når agurkplantene har 4–5 varige blad, kan dei plantast ut. Plantene er no så store at dei må støttast eller bli bundne opp ganske med ein gong.

Kjøp av planter

Ein del agurkprodusentar kjøper planter som er klare for utplanting. Dette kan skyldast at dei ikkje har plass til oppal av eigne planter, samtidig som nokon har spesialisert seg på nettopp oppal av agurkplanter. Vi ser ei utvikling av stadig meir spesialiserte produksjonar i veksthusnæringa, og dette er eit døme på nettopp dette.

Oppgåve

Vel rett alternativ.


Kjelder

Nilsen, S. S. (2016). Dyrkingsveiledning økologisk agurk i veksthus. https://www.nlr.no/files/documents/NLRs/dyrkningsveiledning-agurk-i-veksthus.pdf

Pedersen, S. F. (2021). Grønnpoding av tomat og agurk. Norsk Faginfo (Nr. 1, Vol. 6). Norsk senter for økologisk landbruk. https://orgprints.org/id/eprint/42705/1/Faginfo%201%20vol%206%20gr%C3%B8nnpoding%202021.pdf

CC BY-SA 4.0Skrive av Anne Langerud.
Sist fagleg oppdatert 16.09.2024