Hopp til innhald
Fagartikkel

Dyrkingsteknikk

Det er fleire val du må ta når du skal bestemme deg for korleis du skal innreie veksthuset for agurkdyrking. Du kan ha enkelt- eller dobbeltrader, og du må velje om du skal gå for nedfiringsmetoden eller paraplymetoden. Og kva slags vekstmedium skal du bruke?

Enkelt- eller dobbeltrader?

Det er i hovudsak to måtar å organisere agurkplantene i veksthuset på. Dei kan plantast i dobbeltrader eller enkeltrader.

  • enkeltrader: Du har ei rekke med planter der annakvar plante blir bunden ut til kvar si side. Rada får ei V-form sett frå enden.

  • dobbeltrader: Du har to og to rekker som blir bundne opp i kvar sin tråd.

Det er viktig at du har nok plass til å komme fram med utstyr for hausting og anna arbeid. Mellom radene (anten enkelt- eller dobbeltrad) bør du ha 120 cm. Har du dobbeltrader, blir det tilrådd 80 cm mellom dei to radene. Avstanden mellom plantene er 30–40 cm.


Oppbinding

Det er to teknikkar vi kan velje mellom når vi dyrkar agurk:

  • nedfiringsmetoden

  • paraplymetoden

Rett etter planting må agurkplantene bindast opp, dette er felles for begge teknikkane. Vi bruker eit snøre som vi festar med eit klips heilt nedst på stengelen. Snøret er surra på ein krok som deretter blir hekta på ein kraftig ståltråd 3–4 meter over planteradene. Etter kvart som plantene veks, svingar vi stengelen rundt snøret. Når plantene har vakse seg opp til ståltråden, må vi bestemme oss for teknikk.

Nedfiringsmetoden

Når plantene har vakse seg opp i ståltråden, må vi fire plantene ned slik at den nedste delen blir liggande nesten nede på bakken eller golvet i huset. Når toppen av planta har vakse seg opp i ståltråden igjen, firer vi ned på nytt. Denne jobben må vi gjere gjennom heile kulturen. Dette kallar vi nedfiringsmetoden. Når du bruker denne metoden, må du hugse at snøret må vere minst like langt som lengda på plantene på slutten av sesongen.

Nedfiringsmetoden er den klart vanlegaste i dag. Dette er same metode som er vanleg i tomatdyrking i veksthus.

Paraplymetoden

Når plantene har vakse opp i den kraftige ståltråden, toppar vi plantene. Deretter let vi tre sideskot frå bladhjørna få vekse. Desse skal ikkje bindast opp og blir derfor hengande ned igjen mot golvet i veksthuset. Det er grunnen til at dette blir kalla paraplymetoden.

Dyrkingsmedium

Det er fleire dyrkingsmedium å velje blant når vi skal dyrke agurk. Det blir brukt både torv, steinull og perlite, men fleire dyrkingsmedium, til dømes trefiber, er under utprøving og delvis tekne i bruk. Skal vi dyrke økologiske agurk, må vi plante rett i bakken i veksthuset.

Torg og blandingar med torv, og dessutan jord, er aktive medium. Steinull, perlite og vatn er døme på inaktive medium. I dei inaktive dyrkingsmedia er næringa alltid å finne i vatnet i mediet, mens torv og jord har evna til å binde og gi frå seg næring. Når vi ønsker å styre nærings- og vasstilgangen for plantene heilt nøyaktig, er dei inaktive media enklast å bruke.

Oppgåve

Flytt orda til dei rette boksane. Du får ikkje bruk for alle orda.


Kjelde

Nilsen, S. S. (2016). Dyrkingsveiledning økologisk agurk i veksthus. https://www.nlr.no/files/documents/NLRs/dyrkningsveiledning-agurk-i-veksthus.pdf

CC BY-SA 4.0Skrive av Anne Langerud.
Sist fagleg oppdatert 08.10.2024