Hopp til innhald
Fagartikkel

Agurk

Agurk er kanskje den grønsaka vi et aller mest av, og mange av veksthusa våre er fylte med agurkplanter. Det litt spesielle med agurkplantene er at dei berre har hoblomstrar, likevel blir det danna agurk. Dette har agurken til felles med fleire andre kjenningar i frukt- og grøntavdelinga i butikken

Historie

Agurken kjem opphavleg frå India og kom til Noreg på 1600-talet, men allereie for 3000 år sidan er det kjent at han vart dyrka i Kina. Akkurat som tomaten bruker vi agurken som ei grønsak sjølv om han botanisk sett er eit bær. Agurken består av rundt 95 prosent vatn, og et du éin slangeagurk, svarer det til to glas vatn.

Det er slangeagurk vi et mest av, men sylteagurk er òg vanleg. Sylteagurken blir òg kalla drueagurk eller picklesagurk.

Vi et mykje agurk

I 2023 åt nordmenn nesten 29 000 tonn frisk agurk, det betyr at kvar og ein av oss et godt over 5 kilo. Slangeagurk er så populært at han faktisk har fått sitt eige firesiders EU-direktiv. Der blir det beskrive nøyaktige krav til storleik, fasong, farge og korleis han skal pakkast.

Rundt 80 prosent av all agurken vi et, blir produsert i Noreg. All slangeagurk blir produsert i veksthus. Han toler lite kulde, og utandørs er det berre i dei varmaste strøka i landet du kan dyrke fram din eigen slangeagurk i løpet av sommaren. Har du eit lite veksthus, er det derimot fullt mogleg.

Agurkplanta

Agurkplanta er ei eittårig slyngplante. Ho har slyngtrådar som gjer at ho kan klatre om ho får noko å klatre i. Dei knall gule blomstrane er i utgangspunktet einkjønna, noko som betyr at kvar blomster er anten hanne eller hoe. Slangeagurkane vi dyrkar i veksthuset, har derimot berre hoblomstrar, men dei er i stand til å danne frukt utan befruktning. Dette er årsaka til at slangeagurkane vi kjøper i butikken, er utan frø.

Visste du at ...

Vi kallar danning av frukt utan befruktning for partenokarpi? I tillegg til hos slangeagurken finn vi det mellom anna hos banan, ananas og vassmelon.

Vi haustar agurken når han er grøn og umoden. Fasongen varierer litt etter type, men dei fleste er sylindriske i forma. Let vi agurkane modne på planta, vil dei svelle ut, og fargen går frå grøn til gul etter kvart som han modnast.


Kjelder

Grindeland, J. M. (2024, 31. mai). Agurk. I Store norske leksikon. https://snl.no/agurk

Opplysningskontoret for frukt og grønt. (u.å.). Slangeagurk, Agurk. Hentet 23. september 2024 fra https://www.frukt.no/ravarer/gronnsaker/slangeagurk-agurk/

Opplysningskontoret for frukt og grønt. (2023). Frukt- og grøntstatistikk 2023. https://www.frukt.no/globalassets/316314_frukt--og-grontstatistikk-2023_korr3_ny.pdf

Regulation 1677/1988. Commission Regulation (EEC) No 1677/88 of 15 June 1988 laying down quality standards for cucumbers. http://data.europa.eu/eli/reg/1988/1677/oj

Aarnes, H. (2018, 15. januar). Partenokarpi. I Botanisk- og plantefysiologisk leksikon. Institutt for biovitenskap, Universitetet i Oslo. https://www.mn.uio.no/ibv/tjenester/kunnskap/plantefys/leksikon/p/partenokarpi.html

CC BY-SA 4.0Skrive av Anne Langerud.
Sist fagleg oppdatert 03.10.2024