Arbeid i agurkproduksjon
Bruk du nedfiringsmetoden, er det arbeid med nedfiring omtrent kvar tredje dag. Plantene må firast ned når dei har vakse opp til ståltråden som snøret dei veks etter, er festa til. Då blir det sleppt ut meir snøre, og du firer ned plantene slik at nedre del av stengelen blir liggande langs golvet eller vekstmediet.
Ei anna arbeidsoppgåve i agurkproduksjon er å fjerne dei nedste blada på planta. Desse får lite lys, blir ofte gule og gjer ikkje lenger noka nytte for plantene. Viss vi ikkje fjernar dei, blir det ein tett bladmasse som lett blir angripen av soppsjukdom. Plantene bør helst vere utan blad omtrent ein halv meter opp frå rota, det betyr at vi har rundt 20 blad igjen på planta.
Agurkplantene set sideskot, det vil seie skot som kjem ut i bladhjørna. Desse fjernar vi sjølv om dei òg etter kvart vil danne agurkar. Dersom vi let dei vekse fram, vil plantebestandet bli altfor tett. Det blir lite lys, og eit tett plantebestand er utsett for soppsjukdommar. Samtidig blir det vanskeleg for oss å oppdage angrep av skadegjerarar.
Dyrkar du etter paraplymetoden, er det nettopp sideskota vi slepper fram når plantene har vakse opp i ståltråden. Då blir hovudstengelen toppa, og vi slepper fram tre sideskot som veks nedover igjen.
Agurkane blir hausta umodne. Viss dei ikkje blir hausta i rett tid, vil dei etter kvart bli gule og svelle ut. Vi bør hauste agurkar omtrent annankvar dag. Det er krav til storleik, farge og fasong. Mellom anna skal dei vere nokolunde rette.
Etter hausting bør agurken lagrast kjølig eller pakkast så fort som mogleg. Ein agurk som ligg framme i varmen, blir fort slapp. Dei store agurkprodusentane har pakkemaskiner som er nærast heilautomatiske, men framleis er det noko manuelt arbeid dei fleste stader.
Skadedyr
Agurkplantene er utsette for angrep frå fleire skadedyr. Dei vanlegaste er trips, veksthusspinnmidd, bladlus og veksthusmjøllus.
Sopp
Plantene kan òg få soppangrep. Det vanlegaste er kanskje mjøldogg. Mjøldogg er ein soppsjukdom som angrip svært mange planteartar, både i veksthus og på friland.
Det er fleire ulike soppartar som gir mjøldogg, men kvar av soppartane er som oftast spesialistar på ein eller to planteartar. Unntaket er veksthusmjøldogg, som kan angripe mange planteartar. Planter som er angripne, får eit gråaktig, luftig belegg av soppsporar og sopptrådar på blad, skot og stenglar.
Virus
Det finst fleire virus som kan skape problem i agurkproduksjon. Nokre virus kan gi store avlingstap. Virus kan spreie seg i veksthuset både med dei som jobbar der, og med skadedyr som til dømes trips. Har du mistanke om virus på agurkplantene, bør du kontakte rådgivarar frå til dømes Norsk Veksthusrådgiving.
Vi bør gjere alt vi kan for å unngå å få angrep frå ein eller fleire av desse skadegjerarane. Her er ei liste med gode råd:
Ver sikker på at småplanter du kjøper, er friske og utan skadegjerarar.
Unngå at besøkande og tilsette spreier smitte. Lag ei smittesluse der besøkande må ta på seg eingongsdressar, skotrekk og hanskar før dei går inn i veksthuset.
Hald veksthuset låst slik at ikkje uvedkommande kjem seg inn.
Hald veksthus og arbeidsrom ryddig slik at det er lett å vaske eller spyle.
Start alltid arbeidet i smittefri avdeling viss du har fleire avdelingar.
Fjern alle planterestar fortløpande, til dømes etter avblading.
Er påstandane sanne eller usanne?