Hopp til innhald
Fagartikkel

Førebuingar før lamming

I god tid før lamminga startar, må du gjere klar lammingsbingar og finne fram alt av utstyr du kan få bruk for. Når lamminga først er i gang, blir det som regel veldig travelt, og ofte er det fleire søyer som lammar samtidig. Då er det for seint å tenke på alt som skulle vore førebudd i forkant.

Lammingsbingar/grinder

Når fødselen nærmar seg, vil søya helst trekke seg bort frå flokken og finne seg ein skjerma plass der ho kan vere i fred. Dette er ikkje så lett i eit fjøs, derfor bør du tenke gjennom korleis dette kan løysast. Nokon har eit areal i fjøset der dei kan setje opp mellombelse lammingsbingar, mens andre bruker grinder i dei eksisterande bingane for å lage eit eige område for søya under fødselen og dei første dagane etterpå.

Hygiene og reinhald

Uansett kva bingeløysing du har, er det veldig viktig at det er reint der lamminga skal gå føre seg. Du må alltid fli godt i lammingsbingane, og du bør helst desinfisere bingen før du set inn ei ny søye.

Vatn

Ei søye treng 10–14 liter vatn kvar dag etter lamming, så du må tenke gjennom korleis dette skal løysast mens søyene står i lammingsbingen. Viss du har mange søyer, blir det mykje jobb viss alle skal ha vatn i bøtte!

Tett golv til lamma

Dei nyfødde lamma skal ha ein liggeplass som er tett, tørr og trekkfri (hugseregel: TTT). Det er ulike måtar å løyse dette på. Nokon har tett golv i heile lammingsbingen og halm som underlag for både søya og lamma, andre har eigne kasser eller godt strøydde område for lamma.

Utstyr og hjelpemiddel som må vere på plass i fjøset

Dei fleste søyene klarer lamminga på eiga hand, men du må alltid vere førebudd på å hjelpe til dei gongene det trengst.

Varmt vatn

Før du undersøker fødselsvegane, er det viktig at du vaskar hendene dine godt, og at du òg vaskar søya godt rundt fødselsopninga med lunkent vatn.

Utstyr du treng til fødselshjelp

Kva

Korleis

Kvifor

Såpe

Bruk mild såpe med låg pH som er tilpassa hud og slimhinner (intimsåpe). Ikkje bruk grønsåpe, ho er sterkt basisk og kan skade slimhinnene.Vask av hender og fødselsvegar er viktig for å hindre at bakteriar kjem inn i børen til søya.

Plasthanskar

(dyrlegehanskar)

Vask hendene og ta på deg ein lang hanske før du undersøker fødselsvegane.Ein hanske er lett å halde rein, og vernar òg huda di mot fukt og eventuelle smittestoff.

Glidemiddel

Bruk rikeleg med glidemiddel, smør inn hendene dine og fødselsvegane til søya.Det er veldig viktig å smørje fødselsvegane godt for å unngå skadar ved fødselshjelp.

Kjetting eller tau

Blir festa over kodeleddet til lammet. Som alt anna utstyr du bruker under fødselen, er det veldig viktig at kjetting eller tau som du skal bruke, er godt reingjort og desinfisert.

Beinet til lammet er sleipt og glatt, og det kan vere vanskeleg å få godt grep med hendene.

Navlespray eller desinfeksjonsmiddel

Til å dyppe eller spraye navlen til lamma.

Navlespray som vist på biletet er ikkje desinfiserande, men han gjer at navlestrengen tørkar fortare, og det vil hindre bakteriar i å komme inn. Aktuelle desinfeksjonsmiddel er jod som har brun farge, og blåspray som er blå.

Jodoppløysning kan brukast til navledesinfisering, men òg på andre små sår og til desinfeksjon av utstyr.

Blåspray og navlespray blir berre brukte til sårbehandling.

Hugs at det er fleire typar blåspray, så eit godt råd er å spørje dyrlegen om kva for ein blåspray du kan bruke, før du kjøper.

Visste du at ...

Det blir brukt ulike fargestoff i blåspray, og at nokre av desse blåfargane ikkje er lov til å bruke på matproduserande dyr (inkludert hestar)?

Råmjølk

Det er veldig viktig at lamma får i seg råmjølk så snart som mogleg etter fødselen, og dei fleste lamma klarer å finne fram til spenane og forsyne seg på eiga hand. Men av og til kan lamma vere for svake til å klare dette sjølve, og det hender òg at søya ikkje har mjølk eller at ho ikkje let lamma få lov til å suge. Då må du hjelpe til! Det kan vere nok å vise lamma vegen til spenen, men av og til må du halde fast eller binde søya.

Frys ned råmjølk

Det hender at søya ikkje har råmjølk til lamma sine, til dømes på grunn av . Derfor bør du alltid mjølke ut litt og fryse ned i små beger eller plastposar viss ei søye har rikeleg med råmjølk.

Smokk eller sondefôring?

Når du må bruke råmjølk frå ei anna søye eller råmjølk frå ku, kan du fôre lammet med flaske og smokk. Viss lammet er veldig svakt og ikkje klarer å suge, må du bruke ein sonde. Sonden er ein mjuk plastslange som skal førast ned i matrøyret til løypemagen, slik at råmjølka renn direkte dit.

Merkeutstyr

Du må hugse å bestille merke så dei er på plass når lamminga startar. Dei fleste som driv med sau, har merketong i fjøset, men du må bestille nye merke kvart år.

Film om korleis du kan førebu deg før lamminga startar (3:52)

Video: Animalia / CC BY-NC-SA 4.0

Kilde

Svendsen, S. (2021, 8. april). Førebuing til lamming og førebygging av lammetap. Nortura. getfile.php/13398644-1617965602/Nortura%20Medlem/forberedelse20til20lamminga20og20forebygging20av20lammetap.PDF

Relatert innhald

Fagstoff
Sauehald om våren – lamming

På våren får sauane lam, og det er hektisk i fjøset. Ein gjennomsnittleg sau får to eller tre lam, og lammingsperioden varer omtrent fire veker på våren.

CC BY-SA 4.0Skrive av Ingrid Ellen Resell.
Sist fagleg oppdatert 09.10.2024