Normal lamming
Når lamminga nærmar seg, vil søya få mjølk i juret, og kjønnsleppene hovnar litt opp. Senene i bekkenpartiet (bekkenbanda) vil bli slappare, og då kan det sjå ut som rumpa heng litt lenger ned enn vanleg. Det kan også komme slim frå skjeden, og snart vil lamminga vere i gang. Dei ulike fasane i lamminga kallar vi oppblokkingsfase, utdrivingsfase og etterbyrdsfase.
Oppblokkingsfase
Den første fasen i fødselen blir kalla oppblokkingsfasen eller opningsfasen. Søya blir uroleg og vil helst trekke seg unna resten av flokken i denne fasen. Som namnet seier skal fødselsvegen opne seg i denne fasen, med hjelp av dei væskefylte fosterblærene. Søya er uroleg, skrapar i golvet og prøver å finne ei god stilling.
Utdrivingsfase
I utdrivingsfasen vil søya som regel ligge på sida mens dei sterke pressveane jobbar for å presse lammet ut. Det er vanleg at søya vekslar mellom å stå og ligge i denne fasen òg, og ho stønnar og jamrar seg ein del.
Fosterblærer
Lamma ligg inne i to fosterblærer, og den ytre fosterblæra er det første du ser i ei normal lamming. Væska frå denne blæra skal reinse fødselsvegane. Så kjem den indre fosterblæra, med ei slimaktig væske som skal smørje fødselsvegane slik at lammet glir lettare ut.
Stillinga til lammet
Framlengs fødsel: Du ser oversida av framklauvene først og så nasen, som ligg over frambeina. Lammet ligg med ryggen opp mot ryggen til søya.
Baklengs fødsel: I ein baklengs fødsel kjem det berre to klauver, og det er undersida av bakklauvene som vender opp mot ryggen til søya. Lammet ligg òg her med ryggen opp mot ryggen til søya.
Etterburdsfase
I etterburdsfasen pressar søya ut resten av fosterhinnene, som vi kallar etterburd. Som regel kjem han ganske raskt etter at det siste lammet er fødd, men det kan ta to til tre timar. Søyene vil ofte ete etterburden, noko som er vanleg åtferd for mange byttedyr.
Tilbakehalden etterburd
Viss det går meir enn seks timar etter fødselen utan at etterburden har komme, snakkar vi om tilbakehalden etterburd. Det kan vere ulike grunnar til at dette skjer, men risikoen aukar viss søya er sjuk eller har fått fødselshjelp. Som regel vil litt av etterburden henge ut frå kjønnsopninga, og han vil losne av seg sjølv etter nokre dagar.
Tenk gjennom
Kvifor vil søyene ete etterburden (morkaka)? Kan det vere fleire grunnar til denne åtferda?