Hopp til innhald

Fagstoff

Feilstillingar og fødselshjelp

Det er ikkje uvanleg at lamma ligg feil i fødselskanalen, så under lamming må du alltid vere til stades sånn at du kan hjelpe til når ei søye treng hjelp. Fødselsvanskar kan òg komme av at lamma er for store i forhold til søya, eller det kan vere noko gale med fødselsvegane til søya.
Ei søye har lagt seg ned og har ein kvilepause mellom veane. Ein fot stikk ut av fødselsopninga. Foto.

Teikn på at søya treng hjelp

Viss du ser fostervassblæra, bør det ikkje gå meir enn ein halvtime før du òg kan sjå beina på lammet. Av og til kan det skje at søya får pressvear utan at fostervassblæra har vist seg, det er òg eit tydeleg teikn på at noko ikkje er som det skal. Når søya har tvillingar eller endå fleire lam, bør det ikkje gå for lang tid mellom fødslane, alle lamma bør normalt vere ute i løpet av ein til to timar.

Kva kan vere i vegen?

Som nemnt i innleiinga kan det vere fleire årsaker til at fødselen stoppar opp, og her er nokre av dei vanlegaste:

Feilstillingar

Normalt skal lamma komme med anten dei to frambeina eller dei to bakbeina først, men her er det mange variantar, og ofte vil du måtte hjelpe til for å berge både søya og lamma. I starten er det best å ha hjelp av ein erfaren bonde, for det er ikkje alltid like lett å vite når og korleis du kan hjelpe til sånn at dyrevelferda blir vareteken undervegs.

Nokre feilstillingar

Illustrasjon

Beskriving

Aktuelt tiltak

Tilbakeslått frambein, hovud og eit frambein til fødsel. Illustrasjon.
Lammet kan komme med berre éin framfot, mens den andre foten ligg under lammet.Viss lammet ikkje er for stort, kan du dra det ut utan å rette opp denne feilstillinga. Når lammet er stort, må du hente fram den andre foten før du kan trekke ut lammet.
Bøygd skulder og olboge – hovud og framklauver tilnærma like langt framme i fødselsvegen. Illustrasjon.
Bøygde frambein eller skuldrer, at lammet "ligg som ein hund".Hovudet vil ligge for langt fram i forhold til skulderpartiet, så du må prøve å trekke fram éin og éin fot for at lammet skal komme i rett posisjon.
Tilbakeslått hovud, berre beina til fødsel og hovudet er vendt til sida. Illustrasjon.
Tilbakeslått hovud vil seie at frambeina kjem rett veg, men hovudet ligg bakover langs sida på lammet. Ved undersøking finn du ein bøygd hals vend til ei av sidene eller ned mellom frambeina.

For å rette opp denne feilstillinga treng du å sikre frambeina med snorer før du dyttar lammet så langt inn at du klarer å rette opp hovudet.

Begge frambeina tilbakeslått – berre hovudet til fødsel. Illustrasjon.
Berre hovudet kan komme i fødselsvegen mens frambeina ligg tilbakeslått under lammet.Dette kan vere vanskeleg å rette opp, for hovudet hovnar raskt opp viss det kjem for langt ut før du oppdagar kva som er i ferd med å skje.
Eit tilbakeslått bakbein – berre eit bakbein til fødsel. Illustrasjon.
Eit bakbein kjem til fødselsvegen mens det andre ligg under lammetDenne feilstillinga må òg rettast opp, og du må vere varsam sånn at hasespissen ikkje skrapar opp børen mens du prøver å flytte på lammet.
To tilbakeslåtte bakbein – hale eller ingen ting til fødsel. Illustrasjon.
Setefødsel kallar vi det når lammet ligg med rumpa mot fødselsopninga.Fødselen vil stoppe opp, og du må rette ut eit og eit bakbein før du dreg ut lammet.

Det hender òg at to lam kjem samtidig, med eit bein frå kvart lam. Fødselen vil stoppe opp, og du må finne ut kva kroppsdelar som høyrer til dei ulike lamma før du kan dra ut det første.

Store foster

Viss lammet er for stort i forhold til fødselsvegen, kan du prøve å vri på det for å finne den beste passasjen. For store lam er mest vanleg hos unge søyer (åringar), og i nokre tilfelle kan keisarsnitt vere einast utveg for å berge mor og lam.

Problem i fødselsvegane til søya

Problem som kan oppstå i fødselsvegane til søya, kan vere:

tett børhals
Når oppblokkinga av fødselsvegen ikkje går som ho skal, sånn at det ikkje er nok plass til at lammet kan fødast. I slike tilfelle er det best å tilkalle dyrlegen.
skjedeframfall
Når lamminga nærmar seg og det er stort trykk i buken på søya, kan skjeden pressast ut. Dette er mest vanleg hos søyer som ventar fleire lam. Det vil sjå ut som søya ligg og pressar samtidig som du ser ei hudfarga utposing som kjem ut bak. Du kan bruke ein sele på søya for å halde skjeden på plass, men det er veldig viktig å fjerne selen når fødselen er i gang!
børslyng
Fødselen stoppar opp fordi fødselsvegen er dreidd rundt sin eigen akse, og når du undersøker søya, kjenner du forer som går på skrå inne i skjeden. Du må tilkalle dyrlegen.

Fødselshjelp

Før lammingsperioden startar, må du sørge for at du har alt av utstyr som du kan få bruk for! Når lamminga er i gang, er det for seint å tenke på alle hjelpemidla du skulle hatt.

Hygiene

Det er alltid viktig å passe på at det er minst mogleg fare for infeksjon i børen til søya når du skal hjelpe til under lamminga. Derfor skal du vaske søya rundt fødselsopninga og vaske hendene dine godt før du fører handa inn i skjeden til søya.

Glidemiddel

Du bør sørge for å bruke rikeleg med glidemiddel for å unngå skadar i fødselsvegane.

Snorer festa over kodeleddet, ikkje rett over klauva. Illustrasjon.

Snorer

Når du bruker snorer eller kjetting for å dra ut lammet, er det viktig at du festar snora over kodeleddet, og ikkje rett over klauva. Viss du festar snora rett over klauva, kan du risikere at klauva losnar!

Ver varsam!

Det er lett å skade søya viss du ikkje er varsam. Sår og rifter i fødselsvegane gjer at bakteriar lett kjem inn, noko som kan føre til børbetennelse. Viss dette skjer, blir søya veldig sjuk, ofte med høg feber, og ho klarer ikkje å ta seg av lamma sine.

Film som viser korleis du kan utføre rett fødselshjelp

Kjelder

Animalia. (2020, 10. februar). Skjedeframfall, børframfall og tarmframfall hos søyer. https://www.animalia.no/no/Dyr/sau/aktuelt---sau/skjedeframfall-borframfall-og-tarmframfall-hos-soyer/

Vatn, S., Hektoen, L. og Nafstad, O. (2008). Helse og velferd hos sau. Tun Forlag.

Vatn, S. & Nafstad, O. (u.å.). Lam liv laga – lamming og fødselshjelp [Temahefte]. Animalia. Hentet 19. februar 2024 fra https://www.animalia.no/contentassets/8f2f83700d674be8a3b99459cf78f332/lamming-og-fodselshjelp.pdf

Relatert innhald

Ei søye går drektig i nesten fem månader. Når lamminga nærmar seg, er det best å flytte søya til ein lammingsbinge. Dei fleste klarer lamminga utan hjelp.

CC BY-SASkrive av Ingrid Ellen Resell.
Sist fagleg oppdatert 19.02.2024

Læringsressursar

Lamming