Hopp til innhald
Fagartikkel

Stell av nyfødde lam

Viss fødselen går som han skal, vil lamma som regel vere på beina og leite etter juret i løpet av den første halvtimen. Det hender at søya ikkje vil ha lammet, eller lammet kan vere veldig svakt. Dette er noko som kan skje etter ein hard fødsel, og då må du sørge for at lammet får i seg råmjølk!

Frie luftvegar

Sjekk alltid at lammet ikkje blir liggande med snuten inne i fosterhinnene etter fødselen. Som regel vil søya ordne opp i dette, men av og til kan ho trenge litt hjelp. Viss lammet framleis ikkje pustar av seg sjølv, må du massere det og kanskje suge ut slim frå luftvegane. Det hender òg at munn-til-munn-metoden må brukast.

Tørking

Du kan bruke halm og massere lammet med, dette hjelper både for å tørke lammet og for å få i gang pusten. Som regel er søya veldig motivert for å sleike og pusse lammet sjølv, og då må ho få lov til det så snart du ser at lammet pustar som det skal.

Navlestrengen er som eit opent sår, så han kan vere inngangsport for bakteriar. Derfor bør du alltid reinse navlen på alle nyfødde lam. Du kan bruke navlespray eller jodoppløysning til dette.

Film om det nyfødde lammet (3:16)

Video: Animalia / CC BY-NC-SA 4.0

Råmjølk – raskt og rikeleg (RRR)

Det viktigaste du må passe på når lammet er fødd, er at det får i seg råmjølk så snart som mogleg. Det hender at søya ikkje har råmjølk til lamma sine. Derfor må du sørge for å mjølke ut litt råmjølk av søyer som har rikeleg, og fryse ho ned i små porsjonar.

Film om råmjølk (2:49)

Video: Animalia / CC BY-NC-SA 4.0

Temperatur

Råmjølka må ha rett temperatur, for kald mjølk vil føre til at lammet blir avkjølt og må bruke energi for å halde kroppstemperaturen oppe. Det er òg ein fare for at kald mjølk gir gode forhold for uønskte bakteriar i magen og tarmsystemet til lammet. Lamma har litt høgare kroppstemperatur enn oss, så mjølka skal helst vere litt varm viss du testar temperaturen med å ta nokre dropar på handbaken din. Eit nyfødd lam har normalt ein kroppstemperatur på 39–40 gradar, men det held at mjølka har ein temperatur på 37–38 gradar.

Kor varmt er eigentleg 39–40 oC?

  • Ta litt varmt vatn i ei flaske eller ein kopp, bruk fingrane eller handbaken til å finne det du trur er rett temperatur.

  • Bruk eit termometer og sjekk om du har funne rett temperatur for å fôre eit nyfødd lam.

Smokk eller sonde?

Når du skal fôre eit nyfødd lam, kan du bruke ei vanleg brusflaske med ein lammesmokk. Men viss lammet ikkje klarer å suge sjølv, må du bruke ein sonde for å sikre at det får i seg nok råmjølk.

Film om sondefôring (0:39)

Video: Animalia / CC BY-NC-SA 4.0

Råmjølk frå ku

Det er òg ganske vanleg å bruke råmjølk frå ku til lam som ikkje får råmjølk frå mora. Det du må vere klar over, er at enkelte kyr har antistoff i råmjølka som øydelegg dei raude blodlekamane til lamma. Resultatet er at lamma først blir slappe og bleike, og utan behandling vil dei døy av indre blødingar.

Dette skjer heldigvis relativt sjeldan, sidan det berre er nokre av kyrne som har desse antistoffa i mjølka si. Og sidan det er veldig viktig at lamma faktisk får råmjølk, bør du bruke råmjølk frå ku viss du ikkje har råmjølk frå ei søye.

Viss du skal bruke råmjølk frå ku til nyfødde lam, bør du blande råmjølk frå fleire kyr før du gir ho til lamma. Då vil ikkje mjølka frå ei ku som har desse antistoffa, utgjere så stor risiko.

Tett, tørt og trekkfritt (TTT)

Dei nyfødde lamma skal ha tilgang til tett liggeunderlag som er tørt og utan kald trekk. Dette kan løysast på ulike måtar, og du må finne ei løysing som passar i fjøset ditt.

Film om hygiene og miljø i lammingsbingane (2:33)

Video: Animalia / CC BY-NC-SA 4.0

Slappe og nedkjølte lam

Eit slapt lam har som regel ikkje fått i seg mjølk på ei stund, så det første du bør gjere når du finn eit lam som berre ligg og ikkje orkar å reise seg, er å gi det mjølk. Når lammet har fått mjølk, må du varme det. Du kan bruke varmeflaske, fønar eller varmelampe til dette. Nokon vel å ta med seg lammet inn og legge det på eit golv med varmekablar til det kviknar til.

Film om sjuke og slappe lam (4:54)

Video: Animalia / CC BY-NC-SA 4.0

Flytting

Når søya og lamma har gått saman i lammingsbingen eit par dagar, blir dei flytte over til ein fellesbinge. Det er viktig at søya og lamma blir godt kjende med kvarandre før du flyttar dei.

Kolstorleik

Ei søye med eitt eller to lam treng ikkje så lang tid til å lære seg å kjenne igjen lamma sine, mens ei som har fått trillingar, vil trenge litt meir tid. Normalt vil ei tvillingsøye vere klar til å flytte til ein fellesbinge saman med lamma sine to dagar etter fødselen, mens ei trillingsøye ofte treng ein dag eller to til i lammingsbingen før ho blir flytta.

Helse

Viss søya eller lamma er sjuke, skal dei vere lenger i lammingsbingen. Eit tydeleg signal på at noko ikkje er som det skal, er at dyra ikkje et. Du bør alltid sjekke juret og temperaturen til ei søye som ikkje vil ha fôr! Viss resultatet er at ho må ha dyrlegebehandling, skal ho og lamma få stå i lammingsbingen til ho er frisk.

Film om flytting av lam til fellesbinge (2:40)

Video: Jarle Sten Olsen, Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0

Oppgåve

Kjelder

Animalia. (2017, 4. april). Anemi hos lam som har fått råmjølk fra ku. https://www.animalia.no/no/Dyr/sau/aktuelt---sau/anemi-hos-lam-som-har-fatt-ramjolk-fra-ku/

Svendsen, S. (2022, 1. mars). Hvordan få friske og livskraftige lam. Nortura. https://medlem.nortura.no/smaafe/lamming/livskraftige-lam/

Relatert innhald

CC BY-SA 4.0Skrive av Ingrid Ellen Resell.
Sist fagleg oppdatert 18.09.2024