Hopp til innhald
Fagartikkel

Merking av lam

For å halde greie på kva lam som høyrer til hos kva søye, må du alltid følge med under lamminga sånn at du får registrert kor mange lam som kjem, og kva kjønn dei har. I løpet av dei første dagane må du òg øyremerke lamma for å ha kontroll når sauane blir sleppte saman med resten av flokken.

Merkeforskrifta

Du kan ikkje velje om du vil øyremerke lamma dine, sidan dette er lovpålagt i forskrift om merking, registrering og rapportering av dyr. Alle småfe som er fødde i Noreg, skal merkast med øyremerke før dei er 30 dagar gamle, og dei skal alltid merkast før dei blir sleppte ut på beite eller blir selde til ein annan bonde.

Med nokre unntak kan du fritt velje kva farge du bruker på merka. Unntaka er kvit og lakseraud eller fargar som kan forvekslast med desse. Det er fordi kvit farge berre skal brukast på dyr som er selte til ein ny buskap i Noreg, mens lakseraude merkar berre skal brukast på dyr som blir innført frå andre land.

Merkeforskrifta gjeld ikkje for småfe som blir haldne som kjæledyr.

Individnummer

Kvart dyr skal ha eit unikt individnummer, og i tillegg skal øyremerket vise identiteten til den som eig dyret. Alle som eig produksjonsdyr, må registrere bestilling av godkjende øyremerke i Merkeregisteret hos Statens dyrehelsetilsyn.

Det første talet i individnummeret for småfe skal vise kva år dyret er fødd, derfor skal lam som er fødd i 2024, ha eit individnummer som startar med 4. Bak talet som viser årstalet, kjem individnummeret, som lamma får i den rekkefølga dei blir fødde.

Registrering

I tillegg til å merke alle lamma må du ha ein dyrehaldjournal for alle dyra dine. Du kan bruke Sauekontrollen til dette, men du kan òg bruke andre skjema så lenge dei er godkjende av Statens dyrehelsetilsyn.

Her er ei liste over det som skal vere med i dyrehaldjournalen for sau:

  1. dei unike identitetsnummera til dyra

  2. fødselsdato og opplysningar om identiteten til foreldra til lamma

  3. dødsdato eller dato for levering til slakt. Viss du ikkje veit datoen, fordi dyret er tapt på utmarksbeite, er det greitt å registrere dødsmånad eller året dyret forsvann.

  4. sal eller andre overføringar. Her skal namn og adresse på mottakar vere med og dessutan identitetsnummera til dyra og datoen for overføring.

  5. situasjonar der dyra har vore i kontakt med andre dyrehald med dato for kontakt, i tilfelle smittesporing blir aktuelt

  6. øyremerke du har fått

  7. oversikt over vêrar du bruker som avlsdyr

Film som viser framgangsmåten ved merking av lam

Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0

Kjelde

Forskrift om merking og registrering av dyr. (2002). Forskrift om merking, registrering og rapportering av dyr (FOR-2002-09-03-970). Lovdata. https://lovdata.no/LTI/forskrift/2002-09-03-970

Relatert innhald

CC BY-SA 4.0Skrive av Ingrid Ellen Resell.
Sist fagleg oppdatert 19.02.2024