Hopp til innhald

Fagstoff

Kva dyrkar vi i enga?

I enga dyrkar vi vanlegvis ei blanding av grasarter og engbelgvekstar. Frøforhandlarane sel ferdige frøblandingar som er samansette etter kva du skal bruke enga til, og etter kvar du bur i landet. Men du kan òg lage di eiga spesialblanding.
Nærbilete av blomsterstanden til ei raudkløverplante. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Artar i enga

Det er timotei, engsvingel og raudkløver som dominerer dei ferdige blandingane vi bruker i eng der vi dyrkar vinterfôret. Fleirårig raigras er òg mykje brukt i område der vinteren ikkje er så lang og tøff. Til beite dominerer artane engrapp og kvitkløver.

Når du får meir erfaring og blir betre kjend med di eiga jord og det lokale klimaet, kan du kanskje lage dine eigne blandingar. Nedanfor finn du ei oversikt over fleire av artane som blir brukte i eng og beite.

Artar og sortar av gras og belgvekstar

I presentasjonen finn du vanlege artar som blir brukte til eng og beite.

Kvifor fleire artar?

Vi dyrkar vanlegvis fleire artar saman i enga, og det er vanlegast å blande ulike grasarter og kløver. Men kvifor vel vi ikkje heller berre ein art? Den som dyra liker godt, og som gir stor avling? Mange studiar har vist at det er fleire fordelar ved å dyrke fleire artar saman i enga:

  • høgare avling over tid

  • mindre ugras

  • meir robust mot miljøforhold som kulde, tørke og flaum

  • redusert behov for gjødsel og sprøytemiddel

Desse fordelane får vi fordi artane er ulike og dermed utfyller kvarandre. Dei følgande forskjellane er viktige faktorar for ei god samansetjing av artar i enga:

  • overvintring. Viss du satsar på éin art og vinteren blir tøff, risikerer du at heile enga er svart når våren kjem. Med fleire artar aukar sannsynet for at nokre av artane har klart seg gjennom vinteren.

  • etablering. Nokre artar etablerer seg raskt, men har ein tendens til å forsvinne i enga etter nokre år. Andre artar bruk lengre tid på etablering. Dei raske etablererane hindrar veksten av ugras, og når dei etter kvart går ut, er artane som etablerer seg seint, klare til å ta over.

  • utvikling. Artane utviklar seg ikkje like raskt. Det påverkar fôrkvaliteten. Du får artar som er i relativt tidleg utvikling og med høg fôrkvalitet, blanda med artar som har komme langt i utvikling og dermed har ein dårlegare fôrkvalitet. Med éin art må du få hausta i rett tid, elles kan kvaliteten bli svært dårleg.

  • veksemåte. Nokre planter har røter som går djupt, nokre har eit grunt rotsystem. Dette gjer at dei kan hente vatn og næring frå ulike sjikt i jorda.

  • nitrogenfiksering. Belgvekstar er og bidreg med nitrogen inn i systemet. Ved å blande inn belgvekstar kan du gjødsle mindre og likevel oppnå same avling.

Sortsforskjellar

Viss du skal lage di eiga frøblanding, er det viktig at du vel sortar som eignar seg der du bur. Sjølv om det ikkje er så store forskjellar mellom sortane, må du tenke på korleis sortane overvintrar. Det er ein av dei viktigaste forskjellane. Andre ting som varierer, kan vere avlingsnivå, tidlegheit og kor sjukdomsutsette dei er. Desse opplysningane finn du i frøkatalogane frå forhandlarar av jordbruksfrø.

Oppgåve

Kjelder

Elverland, E. & Jørgensen, M. (2022). Engvekster i blanding eller reinbestand? NIBIO POP, 8(15) https://nibio.brage.unit.no/nibio-xmlui/bitstream/handle/11250/2997418/NIBIO_POP_2022_8_15.pdf?sequence=1&isAllowed=y

Felleskjøpet. (u.å.). Grovfôr 2023. Henta 15. novemer 2023 frå https://ipaper.ipapercms.dk/TidRom/felleskjopet/grovfor/?page=18

Sikkeland, E. H. (2020). Frøblandinger eller renbestand? Buskap, 22. https://www.buskap.no/journal/2020/2/m-5983/Fr%C3%B8blanding_eller_renbestand

Strand Unikorn. (u.å.). Jordbruksfrø til alle formål. Henta 15. november 2023 frå https://plantekultur.no/savarer/jordbruksfro-til-alle-formal

CC BY-SASkrive av Gjert-Are Valberg, Ragnhild Kjeldsen og Anne Langerud.
Sist fagleg oppdatert 14.11.2023

Læringsressursar

Engdyrking