Hopp til innhald
Fagartikkel

Fornying av eng

Enga er fleirårig, men av og til må vi likevel fornye ho. Vi seier at enga er dårleg, men kvifor blir ho det? Dette, og alternative måtar å fornye enga på, får du lese meir om her.

Enga må fornyast

Det kan vere fleire grunnar til at vi må fornye enga:

  • dårleg overvintring

  • køyre- eller pakkeskadar

  • mykje ugras

  • behov for drenering

Ved dårleg overvintring er det ofte delar av enga, eller éin art, som blir ramma. I romma som oppstår, spirer ugraset. Det same skjer ved køyreskadar, altså at ugras spirer der enga er skadd. Når enga er dårleg drenert, får vi òg meir ugras. Her vil artane vi har sådd, som timotei, raudkløver og engsvingel, bli utkonkurrerte av ugrasartar som trivst i fuktig, dårleg drenert jord.

Med åra vil derfor artane vi sådde, bli erstatta av ugras. Ugraset gir dårlegare avling og som oftast òg dårlegare fôrkvalitet. Når det blir mykje ugras, må vi gjere noko. Vi har fleire alternative metodar for å forbetre engarealet:

Attlegg
inneber å etablere heile enga på nytt, med eller utan dekkvekst.
Reparasjonssåing
inneber å reparere dei områda av enga som er dårlege.
Vedlikehaldssåing
inneber vedlikehald av enga for å forhindre at ugras blir dominerande.

Attlegg med dekkvekst

Dekkvekst er ein vekst som vi sår saman med engvekstane. Hensikta er å auke avlinga i attleggsåret og å hindre oppslag av ugras. Vi kan bruke korn (bygg eller havre er vanlegast), erter, raigras eller ferdige grønfôrblandingar som dekkvekst. Det er lurt å redusere såmengda av dekkvekstane slik at ikkje enga blir kvelt av dekkveksten.

Attlegg med dekkvekst må leggast så tidleg som mogleg på våren. Bruker vi korn som dekkvekst, kan vi hauste det som grønfôr, eller vi kan la det stå fram til modning og treske det.

Attlegg utan dekkvekst

Skal vi så eng utan dekkvekst, står vi meir fritt når det gjeld når vi skal så. Både vår, sommar og haust kan vere aktuelt. Til dømes kan vi ta éin slått og legge om enga etter den, eller vi kan hauste to eller tre slåttar og ha eit haustattlegg.

Dersom vi vel eit haustattlegg, bør vi ikkje legge det for seint på hausten, for det må rekke å etablere seg godt før vinteren. På stader med stabilt snødekke kan det vere aktuelt med seint haustattlegg, då sår vi så seint at frøa ikkje spirer før neste vår. Om vi vel vår-, sommar- eller haustattlegg vil avhenge av drifta elles på garden, og det viktigaste er at vi har nok grovfôr til vinteren.

Reparasjonssåing og vedlikehaldssåing

Ved reparasjons- og vedlikehaldssåing pløyer vi ikkje enga før såing, men sår direkte i eksisterande eng. Slik såing utan pløying og jordarbeiding kallar vi direktesåing.

Reparasjonssåing

Reparasjonssåing er eit godt alternativ viss små parti i enga har gått ut, til dømes etter ein litt tøff vinter. Dette er eit billigare alternativ enn å legge heile enga på nytt.

Vedlikehaldssåing

Vedlikehaldssåing betyr at vi sår inn nye frø kvar, annankvar eller kvar tredje vår. Dette skal forlenge levetida på enga slik at det blir lengre tid mellom kvar gong vi må legge heile enga på nytt.

Korleis lykkast vi med reparasjons- og vedlikehaldssåing?

For å lykkast med reparasjons- eller vedlikehaldssåing må enga vere litt open, slik at frøa får god kontakt med jorda, og det må vere nok fukt til at dei spirer. Val av art er viktig, og raigras eller kløver har gitt størst suksess. Det er tilrådd å tromle etter såing. Det er utvikla såmaskiner som er spesielt godt eigna til reparasjons- og vedlikehaldssåing.

Oppgåve

Hugsar du kva faguttrykka betyr?

Kjelder

Agropub. (u.å.). Gjenlegg og fornying av eng. Henta 13. oktober 2023 frå https://www.agropub.no/fagartikler/gjenlegg-og-fornying-eng

Norsk landbruksrådgiving Nordvest. (u.å.). Reparasjonssåing. Henta 13. oktober 2023 frå https://nordvest.nlr.no/fagartikler/grovfor/landbruknordvest/reparasjonssaing-av-eng

Norsk landbruksrådgiving. (u.å.). Gjenlegg. Henta 9. november 2023 frå https://www.nlr.no/10-gjenlegg-og-fornying-av-eng/gjenlegg

CC BY-SA 4.0Skrive av Anne Langerud, Ragnhild Kjeldsen og Gjert-Are Valberg.
Sist fagleg oppdatert 09.11.2023