Hopp til innhald
Fagartikkel

Val av slåttetid i eng

Slåttetid og talet på slåttar i enga heng saman med kvar du bur, kva du skal bruke fôret til, kva artar du har valt, og vêrforhold. Det er mange omsyn å ta, kva er viktigast?

Avling og fôrkvalitet

Kva vekststadium vi haustar graset på, kjem an på to ting:

  • kva fôrkvalitet vi ønsker oss

  • kor mykje fôr vi treng

Jo tidlegare vi haustar, jo meir energi og næring er det i graset. Men tidleg hausting gir lita avling. Når vi kjem til eit visst stadium, vil energi- og næringsinnhaldet i graset minke, mens avlinga framleis aukar. Haustar vi enga seint, får vi altså ei større mengde fôr, men med dårlegare fôrkvalitet.

Fenologisk utvikling i enga

Fenologi er læra om påverknaden til klimaet på utviklingsfasane til planter, til dømes blomstring og frøsetjing. Når vi skal hauste førsteslåtten, ser vi ofte på den fenologiske utviklinga på timotei. Denne arten finst i dei aller fleste engene i Noreg, og samanhengen mellom den fenologiske utviklinga til timoteien og fôrkvalitet er godt kjend. Vanlege slåttetidspunkt er ved

  • byrjande skyting: Når akset er synleg på minst 10 prosent av skota.

  • skyting: Når halve akset er synleg på minst 50 prosent av skota.

  • full skyting: Når ein del av det aksberande strået er synleg på minst 50 prosent av skota.

Produserer vi til dømes grovfôr til høgtytande mjølkekyr, vil vi gjerne slå enga ved byrjande skyting eller skyting for å få eit høgt energiinnhald i fôret. Skal vi fôre sau eller ammekyr, ønsker vi kanskje eit mindre energirikt fôr, då kan vi hauste seinare. Kva slåttetidspunkt vi vel, kjem altså an på kva vi har behov for.


Film om samanhengen mellom utviklinga og fôrkvaliteten på graset (4:24)

Video: Klipp og lim / CC BY-SA 4.0

Vêrforhold

Vi bør unngå å hauste under fuktige forhold. Dersom vi haustar når det regnar, eller ganske rett etter regn, blir det mykje vatn i graset. Dette er uheldig av fleire grunnar:

  • Det kan gi problem dersom du skal ensilere, fordi mykje vatn gjer det vanskeleg å få senka pH raskt nok.

  • Det er lite økonomisk å lagre og flytte på mykje vatn. Det blir mindre fôr per volum.

  • Det blir lett køyreskadar i enga, noko som kan gi både meir ugras og uheldig pakking av jorda.

Dei beste hausteforholda er god temperatur, tørre forhold og gjerne litt vind.

Artsforskjellar

Når du skal vurdere tid for slått, bør du vite at artane ikkje utviklar seg like raskt, det betyr at dei når stadiet skyting til litt ulik tid. Norsk Landbruksrådgiving har sett opp rekkefølga for når dei ulike artane skyt når vekstforholda er normale.

Engrapp > hundegras > raisvingel > engsvingel > fleirårig raigras > bladfaks > timotei

Viss du har ei blanding med til dømes engrapp og timotei i enga, betyr det når timoteien er på topp i fôrkvalitet, er engrappen godt over denne toppen.

Ein, to, tre eller fire slåttar?

Talet på slåttar varierer frå sør til nord, frå fjord til fjell og mellom sesongar. Ser vi heile Noreg under eitt, er to eller tre slåttar mest vanleg. Tilrådd tidspunkt for førsteslått bestemmer vi altså ofte ut frå utviklinga. Tidspunktet for dei andre slåttane blir fastsett etter korleis temperaturen utviklar seg mellom dei. Då må vi følge med på talet på døgngradar for kvart døgn etter slått. Døgngradane i eit døgn er gjennomsnitt av temperaturen i dette døgnet. Når vi summerer fleire døgn, finn vi det vi kallar varmesum for denne perioden. Det finst nettsider som bereknar varmesummen for deg.

Norsk Landbruksrådgiving har sett opp dette til hjelp for å bestemme slåttetid:

  • fire slåttar: ca. 450 døgngradar mellom slåttane

  • tre slåttar: ca. 550–600 døgngradar mellom slåttane

  • to slåttar: ca. 700 døgngradar mellom slåttane


Kor lang tid det tek å oppnå til dømes 550 døgngradar frå førsteslått til andreslått, vil sjølvsagt variere etter kvar du bur, og mellom sesongar. Nedanfor finn du døme frå 2023 med estimert dato for førsteslått ved byrjande skyting, og dato for andreslått 550 døgngradar seinare.

døme frå 2023

Stad

Førsteslått

Andreslått

Tomb, Viken8. juni9. juli
Særheim, Klepp i Rogaland11. juni9. juli
Løken, Valdres i Innlandet24. juni2. august
Skjetlein, Trøndelag18. juni22. juli
Tjøtta, Nordland20. juni25. juli
Holt, Tromsø i Troms3. juli9. august
Pasvik, Finnmark30. juni8. august

Film om innhausting av gras (4:39)

Sjå filmen, og svar på oppgåver etterpå.

Video: Senter for livslang læring (SELL) ved Høgskolen i Innlandet (HINN) / CC BY-NC 4.0

Oppgåver til filmen

  1. Forklar forskjellen på direktehausting og totrinnshausting.

  2. Kva er formålet med stengelbehandling i ei slåmaskin?

  3. Korleis kan du enkelt sjekke rett stubbehøgde?

Viktige omgrep

Fenologisk utvikling
er læra om påverknaden til klimaet på utviklingsfasane til planter, til dømes blomstring og frøsetjing.
Fôrkvalitet
seier noko om næringsinnhald og energi i fôret.
Døgngradar
i eit døgn er gjennomsnitt av temperaturen i dette døgnet. Når vi summerer fleire døgn, finn vi det vi kallar varmesum for denne perioden.
Ensilering
er ein konserveringsmetode for gras og kløver frå enga.
Direktehausting
er når vi slår graset i enga, lastar det opp og fraktar det direkte inn.
Totrinnshausting
er når vi først slår graset og deretter bruker rundballepresse eller anna utstyr for å få fôret inn. Vi bruker to trinn på prosessen.
Stengelbehandling
er utstyr som kan vere montert på slåmaskiner. Formålet er å knekke/knuse stenglane på gras og kløver slik at det tørkar fortare og samtidig gjer det lettare å få pakka graset godt under ensilering.
Stubbehøgde
er lengda på stubben som står igjen i enga etter at du har slått. Normalt er stubbehøgda 8–10 cm.
Kjelder

Borchsenius, R. (2022). Høstetidspunkt for førsteslåtten er bondens viktigste beslutning. Norsk Landbruksrådgiving. https://www.nlr.no/fagartikler/grovfor/default/hostetidspunktet-for-forsteslatten-er-bondens-viktigste-beslutning

Karlsen, J. S., Botten, A. & Landsverk, M. H. (2021). Grovfôr til ulike produksjoner. Norsk Landbruksrådgiving Østafjells. https://ostafjells.nlr.no/fagartikler/grovfor/forkvalitet-og-foring/ostafjells/grovfor-til-ulike-produksjoner

Livenengen, M. B. (2023). Når skal vi ta andreslåtten? Norsk Landbruksrådgiving Innlandet. https://innlandet.nlr.no/nyhetsarkiv/innlandet/2023/nar-skal-vi-ta-andreslatten

Lunnan, T., & Ebbesvik, M. (2022). Haustetidspunkt i eng. Agropub. https://www.agropub.no/fagartikler/haustetidspunkt-i-eng

NIBIO. (u.å.). LMT-stasjon 10. Alvdal. Døgngrader og nedbørssum. https://lmt.nibio.no/stationinfo/10/

Norsk Landbruksrådgiving. (u.å.). Retningslinjer for forsøk i grovforvekster. https://feltforsok.nlr.no/files/documents/Feltforsok_FFU/Retningslinjer-feltforsok/Retningslinjer-for-forsok-i-grovforvekster.pdf

CC BY-SA 4.0Skrive av Anne Langerud, Helle M.S. Johannessen og Ragnhild Kjeldsen.
Sist fagleg oppdatert 17.12.2023