Hopp til innhald
Fagartikkel

Hausting og fortørking av gras

Det finst mange metodar og mykje ulikt utstyr vi kan bruke for å hauste inn graset frå enga. Det viktige er at vi innrettar oss slik at vi får hausta til rett tid og handterer grovfôret slik at vi vernar kvaliteten heilt fram til utfôring.

Hausting

Direktehausting og nullbeiting

Å direktehauste betyr at vi slår og samlar opp graset i same operasjon. Vi bruker traktor med fôrhaustar/slaghaustar som slår graset og blæs det opp i ei avlessarvogn. Avlessarvogna har belte i botnen, og graset blir transportert ut bak på vogna ved hjelp av belta. Graset kan leggast i plan- eller tårnsilo. Nokon bruker òg denne metoden i såkalla nullbeiting, det betyr at graset blir køyrt direkte inn i fjøset og gir dyra tilgang på ferskt gras. Dette kan vere eit godt alternativ viss vi manglar beiteareal nært fjøset.

Totrinnshausting

Totrinnshausting betyr at graset blir hausta i to trinn. Først slår vi graset med slåmaskin. Når graset er slått, har vi fleire alternativ. Skal vi ensilere det, kan vi plukke det opp og presse med ei rundballepresse, eller vi kan plukke det opp med ein finsnittar som kuttar og blæs graset opp i ei avlessarvogn. Ved det siste alternativet legg vi graset i tårn- eller plansilo.

Mellom desse to trinna, altså slått og pressing/samling, vil vi ofte la graset ligge ei stund og tørke. Dette kallar vi fortørking, og det gir oss fleire fordelar

Fortørking

Fortørking betyr rett og slett at vi kvittar oss med vatn før vi køyrer fôret inn i tårn- eller plansilo, eller før vi pressar og pakkar rundballane. Når vi haustar, kan avlinga bestå av heilt opp til 80–85 prosent vatn, og ein del av dette bør vi få ut før lagring. Mykje vatn i graset aukar risikoen for å mislykkast med ensileringa, og tørkeprosessen bør gå raskt, elles mistar fôret mykje energi og næring.

Økonomisk gunstig

Det er økonomisk gunstig å få til ei rask og god fortørking. Lagrar vi fôret i rundballar, sparer vi utgifter til plast, nett og transport av ballar fordi vi har meir fôr i kvar rundball.

I tabellen under er dei eit døme som viser korleis fortørking påverkar kostnadane. Dømet er henta frå ein gard der dei har hausta 300 dekar eng. Dei har teke to slåttar, og avstanden frå enga til garden er tre kilometer. Ved hausting var det 20 prosent tørrstoff i graset, deretter vart det tørka og pakka ved høvesvis 25, 30 og 35 prosent tørrstoff. (Norsk landbruksrådgiving, 2021).

døme

% tørrstoff

i rundballane

talet på

rundballar

kostnad (kr/år)

20

1014

439 000
25889412 000
30791392 000
35713376 000

Kor mykje skal vi tørke graset?

Kor mykje vi skal tørke graset, avheng av korleis vi skal lagre det, fordi pakkeevna blir dårlegare med aukande tørrstoffinnhald.

  • I ein plansilo bør vi ikkje ha over 30 prosent tørrstoff.

  • Det blir tolt litt høgare tørrstoffinnhald i tårnsiloar enn i plansiloar fordi det normalt blir pakka betre i ein tårnsilo på grunn av høgda.

  • Bruker vi finsnittar, kan vi fortørke det litt meir fordi graset då er lettare å få pakka godt – det er meir pakkevillig.

  • Rundballar kan ha tørrstoffinnhald opp mot 40 prosent. Skal vi fôre storfe og sau, søkk fôropptaket når tørrstoffinnhaldet går over 35 prosent tørrstoff, det gir derfor liten økonomisk gevinst å tørke det heilt til 40 prosent tørrstoff.

  • Skal vi lage høyensilasje, bør vi ha 40–65 prosent tørrstoff.

  • Høy skal ha over 82 prosent tørrstoff.

Spreierive

For å få rask fortørking bruker vi gjerne ei spreierive. Ho kastar graset i strengen utover slik at det tørkar raskare. Spreierive er ei god investering viss vi vil ha surfôr med god kvalitet, og viss graset skal brukast til høyensilasje eller høy, er spreierive nesten ei nødvendig investering.

Samlerive

Når vi har fått tørka graset så mykje som vi ønsker, bruker vi ei samlerive som samlar graset i ranker. Då er det klart for pressing i rundballe eller innkøyring til plan- eller tårnsilo.

Film om grastørking og bruk av samlerive

Sjå filmen og svar på oppgåvene etterpå.

Video: Senter for livslang læring (SELL) ved Høgskolen i Innlandet (HINN) / CC BY-NC 4.0

Oppgåver til filmen

  1. Forklar korleis vi bruker samleriva, og kva vi må passe på når vi køyrer.

  2. Kva kan skje om vi køyrer samleriva så lågt at vi får gammalt gras og jordpartiklar i fôret?

Viktige omgrep

Direktehausting
vil seie at vi både slår og samlar opp graset i ein og same operasjon.
Nullbeite
er når vi slår graset og køyrer det direkte inn i fjøset slik at dyra får tilgang på ferskt gras.
Totrinnshausting
vil seie at graset blir hausta i to trinn. Først slår vi graset med slåmaskin. Deretter kan vi samle det i rundballar med rundballepresse eller plukke det opp og køyre det inn i plan- eller tårnsilo eller som høy.
Fortørking
inneber at vi kvittar oss med vatn i graset før vi skal ensilere fôret og pakke det i rundballe eller tårn-/plansilo.
Spreierive
er ei rive som spreier graset utover slik at det tørkar raskare. Spreieriva er montert bak på traktoren.
Samlerive
er ei rive som samlar graset som er spreidd med spreierive. Graset blir samlas i streng slik at det er lettare å samle med til dømes ei rundballepresse. Samlerive kan òg brukast til å samle fleire strenger. Samleriva er montert bak på traktoren.
Kjelder

Norsk landbruksrådgiving. (2021, 11. mai). Fortørking – hva og hva og hvordan? Henta 10. november 2023 frå https://www.nlr.no/fagartikler/teknikk/grashosting/default/fortorking-hva-og-hvordan

Lunnan, T. (2017). Konservering av gras. https://www.agropub.no/fagartikler/konservering

Norsk landbruksrådgiving. (u.å.). Høyensilasje. Henta 10. november 2023 frå https://www.nlr.no/16-konserveringsmetoder/hoyensilasje

CC BY-SA 4.0Skrive av Anne Langerud, Ragnhild Kjeldsen og Helle M.S. Johannessen.
Sist fagleg oppdatert 24.11.2023