Ensilering
Surfôr er grovfôr som har gått gjennom ein gjæringsprosess, og det er denne gjæringsprosessen vi kallar ensilering. Når vi lykkast med denne prosessen, kan fôret lagrast gjennom vinteren slik at dyra får tilgang på godt grovfôr òg i vinterhalvåret. Ein alternativ måte å lagre grovfôret på er å tørke det til høy. Til mjølkekyr vel vi gjerne surfôr framfor høy fordi fôropptaket er høgare, og vi får dermed auka mjølkeproduksjon. Surfôr blir òg brukt til kjøttfe, hest og sau, men det utgjer ein mindre del av fôrrasjonen samanlikn med til mjølkekyr.
Kva er eit godt surfôr?
Eit godt surfôr inneheld ein stad mellom 25 og 35 prosent tørrstoff. Grasmassen har hatt ei rask fortørking som gir eit ønskt høgt sukker- og proteininnhald i fôret. Vi har pakka inn grasmassen slik at det ikkje slepper til oksygen, og vi har sørgt for at det er eit surt miljø ved å tilsetje ensileringsmiddel som raskt senkar pH.
Vi vil altså ha eit surt miljø utan oksygen. Det vil gi aktive mjølkesyrebakteriar. Mjølkesyregjæring gir minst tap av tørrstoff og næring i fôret.
Kva skjer i grasmassen frå slått til ferdig surfôr? Vi kan dele ensileringsprosessen inn i fire fasar:
respirasjonsfase
fermenteringsfase
lagringsperiode
opning av silo
1. Respirasjonsfase – aerobe fase
Respirasjonsfasen er den aerobe fasen. Aerob betyr at det er oksygen til stades. I denne fasen er aerobe bakteriar, mugg- og gjærsoppar aktive. Respirasjonen, som held fram òg etter at graset er slått, fører til at sukkeret blir brote ned til , vatn og varme. Enzyma som bryt ned proteinet, er òg intakte i denne fasen, og dei aerobe organismane bruker næring som vi ønsker å bevare i fôret.
Fordi det er ønskeleg med både høgt sukkerinnhald og høgt proteininnhald i fôret, vil vi at denne fasen skal vere så kort som mogleg. Derfor må vi få oksygenet ut av grasmassen og få pakka han inn raskt.
2. Fermenteringsfase/gjæringsfase
Fermenteringsfasen startar når oksygenet i grasmassen er i ferd med å bli oppbrukt. Då aukar talet på anaerobe bakteriar, dei som kan leve utan oksygen. Før vi får senka pH, dominerer uønskte bakteriar som dannar smør- eller eddiksyre. Derfor må vi senke pH slik at smør- og eddiksyrebakteriane blir utkonkurrerte av mjølkesyrebakteriar. Dette er årsaka til at vi som oftast tilset ensileringsmiddel i grasmassen, det fremmar nemleg mjølkesyregjæring.
3. Lagringsperiode
Rundt to veker etter pakking er miljøet så surt at mjølkesyrebakteriane òg døyr ut. Det sure miljøet hindrar vekst av alle bakteriar, det anaerobe miljøet hindrar vekst av mugg- og gjærsoppar. Etter fire veker er fôret det vi kallar lagringsstabilt. Rundballar eller silo bør altså ikkje opnast før det har gått minst fire veker.
4. Opning av silo og utfôring
Ved opning av rundballar eller silo vil det komme til oksygen i massen. Då er det viktig at vi har pakka godt, for god pakking vil hindre oksygenet i å trenge langt inn i massen.
Ved dårleg pakking og dermed god lufttilgang i utfôringsfasen er det fare for varmgang og redusert kvalitet på fôret. Det er spesielt viktig å unngå dette i plan- og tårnsilo, for der kan store parti bli øydelagde.
Film: Ensilering av gras (5:10)
Filmen handlar om fortørking av gras og ensileringsprosessen.
Surfôret kan lagrast i rundballar, plansilo eller tårnsilo. Det er fleire faktorar som påverkar kva vi vel av desse tre, og alle har sine fordelar og ulemper.
Faktor | Rundballar | Plansilo | Tårnsilo |
---|---|---|---|
arbeidsinnsats | kan gjennomførast med lite arbeidskraft under innhausting | krev fleire folk og mykje utstyr under innhausting og pakking | krev fleire folk og mykje utstyr under innhausting |
økonomi | store årlege utgifter til nett og plast | stor investering | stor investering |
miljø | mykje plastavfall | lite avfall | lite avfall |
svinn | tilgang på luft øydelegg berre ei lita mengde fôr | tilgang på luft i siloen kan øydelegge store parti | lite svinn på grunn av øydelagt fôr |
Gå aldri ned i ein tårnsilo under innlegging av gras utan luftsirkulasjon. Karbondioksid (
) frå grasmassen legg seg nedst og fortrenger oksygenet (CO 2 ).O 2 Bruk alltid vernebriller og hanskar ved handtering av ensileringsmiddel.
Bland aldri syrebaserte ensileringsmiddel med kofasilmiddel.
Farlege maskiner: Under slått og silolegging er det store og til dels farlege maskiner i bruk. Det er ofte fleire personar i arbeid på eit mindre område. Ta omsyn til kvarandre, hald det ryddig, og køyr varsamt.