Produksjon og tenesteyting (NA-LGA vg2) – ferdig 2025
Felles programfag saman med:Forvaltning og drift (NA-LGA vg2) – ferdig 2025
Bygger på:Naturbasert produksjon og tenesteyting (NA-NAB vg1)
Dette faget er under utvikling. Vi fyller på med ressursar fortløpande.
Generelt om husdyrproduksjon
Husdyra våre er ein del av gardsdrifta, og vi er avhengige av dei for å produsere mat. Derfor bruker vi samlenemninga produksjonsdyr om storfe, småfe, gris og fjørfe. Her finn du lærestoff som er felles for dei vanlegaste produksjonsdyra i Noreg.
Dyrehelse
Alle dyr kan bli sjuke, men målet er at dyra skal ha så god helse som mogleg. Dyrehelse avheng mykje av fôring og stell, og dette vil vi ta opp under kvart enkelt dyreslag. Det er òg viktig å vite litt om ulike mikroorganismar som kan føre til skade og sjukdom, slik at vi kan unngå smitte.
Mikroorganismar
Kva er mikroorganismar, kvar finn vi dei, og kva eigenskapar har dei? Mikroorganismar er så små at du berre kan sjå dei i mikroskop. Nokre av dei kan framkalle sjukdom, mens andre er nødvendige for at fordøyinga til dyra skal fungere normalt.