Hopp til innhald
Fagartikkel

Eukaryote mikroorganismar

I tillegg til bakteriar og virus finst det fleire andre organismar som er så små at vi berre kan sjå dei under mikroskop. Det gjeld mellom anna sopp, algar, slimdyr, flagellatar, sporedyr og flimmerdyr.

Mikroorganismar

Tenk gjennom

  • Kva ligg i omgrepet mikroorganisme? Lag di eiga forklaring.

  • Kvar går grensa for kva som blir rekna som mikroorganismar?

Eukaryote mikroorganismar

I tillegg til bakteriar og virus finst det fleire andre organismar som er så små at vi berre kan sjå dei under mikroskop, mellom anna

  • sopp

  • algar

  • slimdyr

  • flagellatar

  • sporedyr

  • flimmerdyr

Stor variasjon i utsjånad, levemåte og storleik

Eukaryote mikroorganismar er ei svært mangfaldig gruppe. Ho omfattar mellom anna algar, sopp og andre organismar som det er vanskeleg å putte inn i ein kategori. Det dei har til felles, er at dei er bygde opp av berre éi eller nokre få eukaryote celler. Det vil seie celler som har ein avgrensa cellekjerne.

Sjølv om organismane er små og enkle, klarer dei likevel å utføre alle oppgåvene som er nødvendige for å drive dei ulike livsprosessane. Det gjer dei anten åleine eller i koloniar der dei samarbeider med andre individ om ulike oppgåver. Organismane er svært ulike når det gjeld utsjånad, levemåte og storleik. Dei livnærer seg av lys, som nedbrytarar, som parasittar eller ved å ta opp og bryte ned andre mikroorganismar. Dei fleste formeirar seg ukjønna ved eller , men nokre bruker òg sporar.

Eukaryote mikroorganismar finst i dei fleste økosystem, men trivst best der det er fuktig. Dei kan vere fastsitjande eller frittlevande, leve i koloniar eller snylte på andre organismar (). Nokre beveger seg ved hjelp av flagellar og ciliar. Andre trekker seg framover ved å slenge ut falske føter (pseudopodium). Det finst også nokre som berre svever rundt i dei frie vassmassane. Desse kallar vi gjerne plankton.

Mange av parasittane kan forårsake sjukdom hos organismen der dei slår seg ned.

Sopp – trekk frå både planter og dyr

Når du høyrer ordet "sopp", tenker du kanskje på flugesopp, sjampinjong eller kantarell, og ikkje på mikroorganismar? Soppar kan også vere små og eincella. Men dei veks gjerne i koloniar, slik at vi kan sjå dei utan å bruke mikroskop. Gjærsopp og muggsopp er døme på det.

Soppar har mange likskapstrekk med planter og dyr, men er plasserte i eit eige rike. Det er fordi dei manglar klorofyll og ikkje kan "lage" si eiga næring. Mange av soppane skaffar seg næring ved å bryte ned døde planter eller ved å leve i med andre organismar, som algar eller planter. Dei er fastsitjande, men formeirar seg ofte ved hjelp av sporar eller ved at dei snører av ein .

Dei fleste soppar er harmlause for menneske, men nokre kan forårsake sjukdom hos menneske, dyr og planter. I formagane hos drøvtyggarar finn vi soppar som lever i symbiose med vertsdyret og andre mikroorganismar.

Sopp har fleire bruksområde. Mellom anna blir dei nytta i produksjon av ost, bakverk og alkohol, og dei er svært nyttige i framstilling av antibiotika.

Mykotoksin i dyrefôr

Muggsoppar i fôret kan føre til helseproblem for både deg som røktar og for dyra i fjøset. Dyra kan få helseproblem både av muggsopp dei et, og av soppsporar dei pustar inn. Nokre muggsoppar produserer giftstoff, mykotoksin. Mykotoksina har ulik verknad. Nokre av dei kan føre til kasting (abort), mens andre gir skade på indre organ. Skadane kan oppstå akutt eller vere av meir kronisk art. Dyr med nedsett immunforsvar er meir utsette enn friske dyr. Fleire muggsoppartar kan gi sjukdom i luftvegane og mage- og tarmkanalen.

Mikroalgar er bitte små planter

Algar er autotrofe organismar som skaffar seg energi ved å drive fotosyntese. Algar er bygde opp av planteceller, men fordi dei lever i vatn, manglar dei nokre av dei karakteristiske trekka som landplanter har.

Tang og tare er kvardagsomgrep som omfattar alle større havalgar. Nokre av desse kan bli fleire meter lange, men algar kan òg vere veldig små. Algar som består av berre éi eller nokre få celler, blir kalla mikroalgar. Dei eincella algane lever hovudsakleg som plankton (planteplankton).

Eit mangfald av små organismar

Det finst òg mange eukaryote mikroorganismar som det er vanskeleg å plassere i ei gruppe. Desse høyrde tidlegare til det såkalla protistriket.

Dei fleste av desse er fargelause, som tek opp andre mikroorganismar ved . Dei har ikkje og organ, men ofte spesialutvikla organellar som driv dei ulike livsprosessane. Dei som lever i ferskvatn, bruker til dømes vakuolar som kan trekke seg saman, til å ta opp næring og regulere vassbalansen ().

Mikroskopiske, men ikkje mikroorganismar

Det finst nokre andre organismar som er så små at dei er usynlege utan mikroskop, men som likevel ikkje blir rekna som mikroorganismar. Døme på dette er bjørnedyr, korsettdyr, mesozoa, midd og hjuldyr.

Kjelder

Høiland, K. (2023, 30. mai). Protozoer. I Store norske leksikon. https://snl.no/protozoer

Parker, N. et al. (2016, 1. november). The Eucaryotes of Microbiology. I Microbiology. OpenStax. https://openstax.org/books/microbiology/pages/5-introduction

Tønjum, T. (2021, 16. desember). Sopp. I Store medisinske leksikon. https://sml.snl.no/sopp

Universitetet i Oslo. (2019, 3. juli). Ciliater. I Botanisk og plantefysiologisk leksikon. https://www.mn.uio.no/ibv/tjenester/kunnskap/plantefys/leksikon/p/protozooer.html

Veterinærinstituttet. (u.å.). Sopp og sopptoksiner i fôr og fôrråvarer. Hentet 26. mai 2023 fra https://www.vetinst.no/fagomrader/fortrygghet/sopp-og-sopptoksiner-i-for-og-forravarer

Viberg, K. (2021, 26. juli). Plankton. I Store norske leksikon. https://snl.no/plankton

Relatert innhald

CC BY-SA 4.0Skrive av Camilla Øvstebø og Ingrid Ellen Resell.
Sist fagleg oppdatert 25.05.2023