Mikroorganismar er så små at vi ikkje kan sjå dei utan mikroskop. Det finst veldig mange ulike typar mikroorganismar. Nokre kan gjere oss sjuke. Andre er nyttige og heilt nødvendige.
Mikroorganismar er små og ulike
Organismane i gruppa mikroorganismar har ikkje blitt plasserte der fordi dei liknar på kvarandre eller fordi dei er i slekt. Det dei har til felles, er at dei er så små: Vi må bruke mikroskop for å kunne sjå enkeltindivid. Men når dei blir fleire, kan dei danne så store koloniar at vi kan sjå dei med berre auga.
Til gruppa mikroorganismar reknar vi
bakteriar
virus
sopp
algar
andre små eukaryotar
Enkelte organismar blir rekna som mikroorganismar sjølv om vi kan sjå dei utan mikroskop. Døme på dette er parasittane bendelorm, barneorm og trikin.
Mikroorganismar er både nyttige og skadelege
Dei fleste mikroorganismane er harmlause for oss. Mange av dei er faktisk nyttige, og nokre er heilt nødvendige. I naturen speler mikroorganismar ei heilt avgjerande rolle som nedbrytarar i økosystem.
Vi menneske bruker mikroorganismar til å lage mat og medisinar. Dei finst i og utanpå kroppen vår og hjelper oss med å halde oss friske. Nokre få mikroorganismar kan gjere oss sjuke og til og med ta livet av oss. Det er viktig å ta vare på dei nyttige mikroorganismane, samtidig som vi ikkje blir utsette for dei skadelege.
Kunnskap om mikroorganismar gav betre levekår
Vitskapsmannen Louis Pasteur levde i siste halvdel av 1800-talet. Han blir rekna som ein av grunnleggarane av læra om mikroorganismar: mikrobiologi. Han har òg gitt namn til prosessen der bakteriar i mjølk blir drepne når mjølka blir varma opp: pasteurisering.
Oppdagingane til dei som jobba med mikrobiologi på denne tida, førte til at folk fekk betre levekår. Dei skjønte nemleg korleis god hygiene og kontroll med drikkevatn og mat kunne hindre utbrot av farlege sjukdommar.
Tenk gjennom!
Kor mange arbeidsoppgåver i landbruk og gartnarnæring er avhengige av mikroorganismar på ein eller annan måte?
Semmelweis – hygiene og dødelegheit
Ignaz Semmelweis levde i Austerrike på midten av 1800-talet. Han jobba som lege på ei fødeavdeling i hovudstaden Wien. På denne tida var det ikkje uvanleg at mødrer døydde under fødselen, men Semmelweis la merke til at dødelegheita på avdelinga der det jobba legar, var mykje høgare enn på avdelinga der det jobba jordmødrer.
Forklaringa låg i at legane òg jobba med obduksjon av dei som hadde døydd under fødselen. Desse legane undersøkte kvinner som skulle føde, utan å vaske hendene i mellomtida. Dermed overførte dei smitte frå dei som hadde døydd, til dei som skulle føde.
Etter denne observasjonen vart desinfisering og handvask innført. Dødelegheita gjekk mykje ned, men framleis døydde ganske mange. Då skjønte ein at smitte òg kunne overførast frå levande menneske.
Sjølv om han lykkast med å få ned dødelegheita på avdelinga si, møtte Semmelweis mykje motstand frå andre legar. Etter kvart fekk han sparken som fødselslege. Så vart han sjuk og innlagd på sinnssjukehus. Kort tid etter døydde han.