Hopp til innhald
Fagartikkel

Nyttige mikroorganismar i kroppen til dyra

Husdyra våre er avhengige av mikroorganismar for at kroppen skal fungere normalt. Nokre mikroorganismar er viktige for fordøying og næringsopptak, mens andre har betydning for immunforsvaret.

Ørsmå leigebuarar

Det er ei stor og variert gruppe mikroorganismar som har busett seg på og i kroppen vår, og det er ein tydeleg samanheng mellom helsa til dyra og samansetjinga av mikroorganismar i og på kroppen. Vi finn mikroorganismar overalt: i munnhòla, i luftvegane, i tarmen og i alle krikar og krokar på overflata til kroppen.

Fordi mikroorganismar utfører mange livsviktige funksjonar i kroppen, kan dei reknast som eit eige organ som kallast mikrobiom. Det som skil mikrobiomet frå dei andre organa som hjarte, hjerne og nyrer, er at mikrobiomet ikkje består av dyret sine eigne kroppsceller, men av framande celler frå eincella mikroorganismar.

Visste du at ...

menneskekroppen er tilhaldsstad for omtrent 40 000 artar mikroorganismar?

  • 900 i nasebora
  • 800 på innsida av kinna
  • 1 300 på tannkjøttet
  • 36 000 i mage–tarm-kanalen

Til saman utgjer dette truleg milliardar av einskildindivid som lever saman med deg utan at du eingong legg merke til at dei er der.

Når vi har så mange mikroorganismar i kroppen, kor mange trur du vi finn i ei vaksen ku?

Kva gjer dei, og kvar finn vi dei?

Mikroorganismane er involverte i immunforsvaret vårt, der dei vernar dyra mot sjukdomsframkallande mikroorganismar, såkalla patogene organismar, og bidreg til nedbryting og produksjon av næringsstoff. Kva oppgåver dei ulike mikroorganismane har, avheng av kvar på eller i kroppen dei har slått seg ned.

Kort film som viser mikrobiell aktivitet i vomma hos ei ku (0:20)

Video: Egil Prestløkken / CC BY-SA 4.0

Etablering av eit eige mikrobiom startar allereie under fødselen, og samansetjinga av mikroorganismar utviklar seg når dyra veks. Det er viktig at unge drøvtyggarar får både grovfôr og kraftfôr i ung alder for å kunne etablere eit rikt mikrobeliv i vomma og dei andre formagane.

Huda

Huda er det største organet vårt og det første forsvaret vårt mot inntrengarar. Mikroorganismane som lever her, produserer ulike kjemiske stoff som skaper ugunstige vekstforhold for patogene organismar. Her finn vi stor variasjon i artssamansetjinga av mikroorganismar, men artane er spesielt tilpassa det området dei vernar.

Munnhòla

Nokre av dei mest allsidige mikroorganismane finn vi i munnhòla. Kva mikroorganismar vi finn her, varierer med dyras art, miljøet dei lever i, og kva fôrmiddel dei et.

Luftvegane

Mikroorganismar i nasen og luftrøyret fungerer som dørvakter for å hindre ubedne gjestar i å slå seg ned i luftvegane. På den måten vernar dei luftvegane mot luftborne infeksjonar.

Formagane hos drøvtyggarar

Vomma, nettmagen og bladmagen hos drøvtyggarar inneheld store mengder bakteriar, protozoar og soppar som har ein viktig rolle i fordøyinga til dyra.

Tarmkanalen

Mikroorganismar i tjukktarmen hjelper dyra med å hente ut mineral frå fôret og produsere enkelte vitamin.

Det er viktig at dyra har eit forsvar mot patogene organismar som kjem inn saman med fôret. Mikroorganismane i tarmen fungerer som eit slikt forsvar. Dei konkurrerer med invaderande mikroorganismar om plass og næringsstoff, i tillegg til at dei produserer kjemiske stoff som skaper ugunstige vekstforhold for inntrengarane

Ei ukjend verd

Ny forsking har gitt oss spennande innsikt i verda til mikroorganismane og forholdet deira til helsa til dyra våre, men dette er ei verd vi berre så vidt har byrja å forstå.

Det er berre ein liten del av dei talrike mikroorganismane som kan gjere oss sjuke. Likevel er det desse vi har mest kunnskap om, fordi det hovudsakleg er dei det blir forska på.

Kjelder

Bryson, B. (2019). Kroppen – en guide for deg som bur i han. Gyldendal.

Dekaboruah, E. et al. (2020). Human microbiome: an academic update on human body site specific surveillance and its possible role. Springer Link. https://link.springer.com/article/10.1007/s00203-020-01931-x

Gjefsen, T. (2016). Fôringslære. Fagbokforlaget.

Lönn-Stensrud, J. (2016). Bakterienes forunderlige verden. Universitetsforlaget.

CC BY-SA 4.0Skrive av Camilla Øvstebø og Ingrid Ellen Resell.
Sist fagleg oppdatert 25.05.2023