Hopp til innhald
Fagartikkel

Bakteriar

Bakteriar er prokaryote organismar som lever side om side med oss og alle andre organismar. Bakteriar finst overalt og er dei mest mangfaldige organismane på kloden. Dei er små, men på ingen måte ubetydelege. Det går faktisk ikkje an å tenke seg livet på jorda utan bakteriar.

Bakteriar er prokaryote organismar

Bakteriar er prokaryote organismar. Dei består av berre éi prokaryot celle. Samanlikna med eukaryote celler er prokaryote celler svært enkle. Dei har få indre strukturar og organellar og er utan cellekjerne.

Sjølv om bakteriane er små og enkle, er dei sjølvstendige organismar som driv gassutveksling, skaffar seg energi, skil ut avfallsstoff, beveger seg, formeirar seg og forsvarer seg mot fiendar – akkurat slik som alt anna liv. Dei er alltid eincella, men kan samarbeide med kvarandre og danne koloniar.

Struktur og oppbygging hos bakteriar

Bruk denne interaktive illustrasjonen til å finne ut korleis bakteriar og andre prokaryote celler er strukturerte og bygde opp.

Arvestoffet til bakteriane

Bakteriane har berre eitt einaste . Det inneheld alle gena organismen treng for å leve og formeire seg. Dette ligg fritt og ubeskytta i cytosol – og ikkje i ein cellekjerne, slik det gjer hos plante- og dyreceller.

I tillegg kan bakteriane ha små, ringforma DNA-sekvensar med få gen. Desse blir kalla plasmid. Dei er ikkje nødvendige for bakterien "til dagleg", men informasjonen her kan brukast til å lage enzym som bakterien treng under vanskelege miljøforhold

Organellar

Bakteriar har berre éin organell, nemleg ribosom. Desse skil seg frå dei ribosoma vi finn hos eukaryote celler, men har same oppgåve: å bygge protein av aminosyrer.

Ytre strukturar

Bakteriar har til liks med andre celler ein halvgjennomtrengeleg cellemembran. Utanpå cellemembranen har bakteriane ein cellevegg som hindrar at organismen sprekk. Celleveggen kan vere dekt av eit slimlag som beskyttar organismen. Flagellar og ciliar er organ som bakteriar bruker til å bevege seg eller feste seg til ulike underlag.

Ulike typar bakteriar

Det er stor variasjon blant bakteriane. Det gjeld både korleis dei ser ut, korleis dei skaffar seg energi, og kvar dei lever. Bakteriar er ei gruppe organismar som er svært gode til å tilpasse seg, og vi finn dei derfor overalt. Dei kan kapsle seg inn, slik at dei toler både tørke, varme og angrep frå andre celler.

Sporedannande bakteriar kan skape problem for bonden

Dei bakteriane som kan kapsle seg inn, kallar vi sporedannande bakteriar. Desse bakteriane kan gi deg store problem dersom dei kjem inn i fjøset.

Den bakterien som skapar mest problem for norske bønder, er smørsyrebakterien (Clostridium). Bakterien er anaerob og finst i jord og vatn, i husdyrgjødsla og på graset nær jordoverflata. For å unngå at han blir med i fôret under hausting, er det viktig å ikkje stubbe for lågt når du slår graset. Smørsyrebakteriane kapslar seg inn og overlever pasteurisering på meieriet. Når meieriet i neste omgang skal lage ost av mjølka, vaknar bakteriane til liv og øydelegg osten.

Ein annan sporedannar som kan skape trøbbel, er Bacillus cereus. Denne bakterien er aerob og treng luft for å vokse. Bacillus finst òg i jord og vatn, og han kan feste seg på juret dersom det er vått og sølete på beitet. Eller han kan bli med i surfôret, der han kapslar seg inn og ventar på betre livsvilkår. Om sommaren kan du oppleve at mjølka i kartongen blir sur viss ho står framme ei stund – da er det nok Bacillus som har vakna!

Visste du at ...

  • bakteriane trivst dårleg og formeirar seg veldig sakte når temperaturen er under 4 oC?

  • smørsyrebakterien veks berre når det ikkje er oksygen til stades?

  • "vintersporar" er det same som smørsyrebakteriar?

  • "sommarsporar" er det same som Bacillus?

Å skaffe seg energi

Sidan bakteriane verken har mitokondriar eller kloroplastar, skjer næringsopptak, utskiljing og energiomsetning ved hjelp av enzym i og ved cellemembranen. Cellemembranen hos bakteriar er derfor ofte sterkt folda, slik at han får eit stort overflateareal til energiomsetninga.

Bakteriar skaffar seg energi på ulike måtar: Nokre utnyttar sollyset, andre skaffar seg energi frå uorganiske sambindingar, og atter andre er avhengige av organiske sambindingar som andre har laga. På same måte som eukaryote celler lagrar bakteriane energi i form av , som kan brukast til å drive dei kjemiske reaksjonane.

korleis skaffar bakteriar seg energi?

Bakteriar kan vere

Energikjelde

Karbonkjelde

fotoautotrofe

lys

CO2

kjemoautotrofe

uorganiske kjemiske sambindingar

CO2

fotoheterotrofe

lys

organiske sambindingar

kjemoheterotrofe

organiske sambindingar

organiske sambindingar

Bakteriar formeirar seg ved todeling

For eincella organismar er celledeling den einaste måten dei kan formeire seg og produsere nye avkom på.

Når organismen når ein viss storleik, deler han seg på midten og blir til to skilde organismar. Dei to nye organismane inneheld same arvestoff og er dermed genetiske kopiar av kvarandre.

Når miljøforholda ligg til rette for det, kan bakteriar formeire seg svært raskt. Sidan kvar bakterie deler seg i to ved formeiring, kan nokre få bakteriar raskt auke til mange millionar.

Visste du at ...

  • gjennomsnittleg bakterieinnhald i kumjølk er 30 000 bakteriar/ml?

  • bakteriar produserer enzym som øydelegg mjølka?

  • dersom mjølka ikkje blir kjølt ned etter mjølking, kan 100 bakteriar bli til 472 000 000 000 000 000 000 000 i løpet av eit døgn?

Dei utrulege bakteriane

Bakteriar blir ofte knytte til sjukdom, men dei er faktisk svært nyttige for oss og alle andre organismar. Det går ikkje an å tenke seg livet på jorda utan bakteriar.

Døme på bakteriane sine ulike roller

  • Bakteriar er viktige for nedbryting av dødt organisk materiale, og dei er sentrale i fleire av krinsløpa i naturen.

  • Dei er viktige for å gjere næringsstoff tilgjengelege for planter.

  • I industrien har vi utnytta evna bakteriane har til å omdanne og produsere kjemiske stoff. Dette bruker vi til å utvikle medisinar, gjere om matavfall til biogass og biobrensel og lage produkt som ost, brød, øl og yoghurt.

  • Bakteriar i fordøyingssystemet ditt bryt ned mat du ikkje klarer å bryte ned sjølv. Dei bidreg til å få bukt med skadelege mikroorganismar og produserer K-vitamin.

  • Saman med andre mikroorganismar er bakteriar viktige for fordøyinga i formagane hos drøvtyggarar.

Tenk gjennom!

Kvar kjem bakteriane i mjølka frå?

Kjelder

Lönn-Stensrud, J. (2016). Bakterienes forunderlige verden. Universitetsforlaget.

Parker, N. et al. (2016, 1. november). Prokaryotes: Bacteria and Archea. I Microbiology. OpenStax. https://openstax.org/books/biology-2e/pages/22-introduction

Parker, N. et al. (2016, 1. november). Prokaryotic Cells. I Microbiology. OpenStax. https://openstax.org/books/biology-2e/pages/4-2-prokaryotic-cells

Parker, N. et al. (2016, 1. november). Prokaryotic Diversity. I Microbiology. OpenStax. https://openstax.org/books/microbiology/pages/4-introduction

TINE. (u.å.). Bakterier. Henta 26. mai 2023 frå https://medlem.tine.no/melk/bakterier

Relatert innhald

CC BY-SA 4.0Skrive av Thomas Bedin, Kristin Bøhle, Camilla Øvstebø og Ingrid Ellen Resell.
Sist fagleg oppdatert 25.05.2023