Virus – dødt eller levande?
Tenk gjennom
Kva er liv? Kva er felles for levande organismar?
Så lenge eit virus er utanfor ei levande celle, har det ingen av funksjonane som kjenneteiknar ein levande organisme: Virus tek ikkje opp næring, har ingen metabolisme (stoffskifte), veks ikkje og kan ikkje bevege seg eller formeire seg utan hjelp frå levande celler. Men dei kan reagere på omgivnadene.
Når eit virus registrerer kontakt med ei celle, kan det invadere denne vertscella og deretter lure og utnytte ho. Nokre virus kan angripe fleire ulike organismar, mens andre er artsspesifikke. Virus kan òg utvikle seg ved å ta opp nytt arvestoff frå vertscellene, og dei er utruleg flinke til å spreie gena sine.
Virus er dei minste av alle mikroorganismane (20–450 nm), og dei er berre synlege i elektronmikroskop. Til samanlikning er eit hårstrå rundt 50 000 nm i diameter. Det vil seie opptil 2500 gonger tjukkare enn eit virus.
Virus er arvestoff omgitt av ei proteinkappe (kapsid) som dannar ein symmetrisk struktur. Mange virus har òg ein beskyttande membran utanpå proteinkappa.
Ulike typar virus
Virus treng andre celler for å kunne formeire seg. Virus er parasittar på vertscella og bruker materialet i cella til å lage kopiar av seg sjølve. Nokre gonger startar produksjonen straks. Andre gonger kan arvestoffet til viruset "gøyme seg" i vertscella og bli reaktivert seinare.
Korleis kjem virus seg inn i cellene?
Virus angrip spesifikke celler ved å binde seg til bestemde reseptorar som hjelper viruset med å trenge gjennom cellemembranen.
Korleis eit virus kjem seg inn i ei celle, kjem an på kva type virus det er snakk om. Bakteriofagar injiserer arvestoffet sitt direkte gjennom cellemembranen. Andre virus blir tekne opp ved endocytose fordi cella oppfattar viruset som noko nyttig.
Manipulering av vertscella
Det er gena i arvestoffet til viruset som blir brukte for å lage byggesteinar til nye virus. Ei celle kan danne fleire hundre nye virus. Når virus formeirar seg, får dei ofte med seg delar av arvestoffet til vertscella. Det gjer at talet på gen aukar.
Når kopiar av viruset forlèt vertscella, er kopiane omgitt av cellemembranen til vertscella. Dermed kan dei mistolkast av andre celler.
Nokre virussjukdommar kan smitte mellom ulike dyreartar, og nokre kan smitte mellom dyr og menneske. Svineinfluensa og fugleinfluensa har du sikkert høyrt om, dette er veldig smittsame sjukdommar som vi menneske óg kan få. Desse sjukdommane kan vere livstruande for både menneske og dyr, så det er viktig å ha kontroll, så vi hindrar spreiing.
Uønskte virus i landbruket
Nokre av virussjukdommane som er vanlege i andre land, vil vi ikkje innføre til Noreg. Derfor er det strenge reglar for innførsel av dyr frå utlandet. Døme på uønskte virussjukdommar som kan smitte mellom dyr og menneske, er rabies (hundegalskap) og munn- og klauvsjuke.
Det er Veterinærinstituttet som har ansvar for overvaking og påvising av virussjukdommar hos dyr i Noreg. Dei deltek òg i forskingsprosjekt for å finne ut mest mogleg om sjukdommane. Slik kan vi finne ut korleis vi skal handtere sjukdommane dersom det oppstår smitte, og redusere talet på utbrot.
Virus er betre enn sitt rykte
Virus blir oftast forbundne med sjukdom, men har mange andre roller som er mindre kjende:
Vi har virus i fordøyingssystemet vårt som angrip patogene mikroorganismar og hjelper oss med å halde oss friske.
Bakteriofagar er virus som angrip bakteriar. Kanskje desse kan bli den nye medisinen som hjelper oss i kampen mot antibiotikaresistens?
Evna virus har til å overføre gen mellom ulike organismar, gjer dei til eit nyttig verktøy innan genteknologi.
Virus er viktig for nedbryting av organisk materiale og bidreg dermed til å frigjere næringsstoff.
Tenk gjennom
Kjenner du til andre roller eller bruksområde der virus kan vere nyttige?
Relatert innhald