Hopp til innhald

Produksjon og tenesteyting (NA-LGA vg2) – ferdig 2025

Dette faget er under utvikling. Vi fyller på med ressursar fortløpande.

Generelt om husdyrproduksjon

Husdyra våre er ein del av gardsdrifta, og vi er avhengige av dei for å produsere mat. Derfor bruker vi samlenemninga produksjonsdyr om storfe, småfe, gris og fjørfe. Her finn du lærestoff som er felles for dei vanlegaste produksjonsdyra i Noreg.

Dyrehelse

Alle dyr kan bli sjuke, men målet er at dyra skal ha så god helse som mogleg. Dyrehelse avheng mykje av fôring og stell, og dette vil vi ta opp under kvart enkelt dyreslag. Det er òg viktig å vite litt om ulike mikroorganismar som kan føre til skade og sjukdom, slik at vi kan unngå smitte.