Produksjon og tenesteyting (NA-LGA vg2) – ferdig 2025
Felles programfag saman med:Forvaltning og drift (NA-LGA vg2) – ferdig 2025
Bygger på:Naturbasert produksjon og tenesteyting (NA-NAB vg1)
Dette faget er under utvikling. Vi fyller på med ressursar fortløpande.
Generelt om husdyrproduksjon
Husdyra våre er ein del av gardsdrifta, og vi er avhengige av dei for å produsere mat. Derfor bruker vi samlenemninga produksjonsdyr om storfe, småfe, gris og fjørfe. Her finn du lærestoff som er felles for dei vanlegaste produksjonsdyra i Noreg.
Dyrehelse
Alle dyr kan bli sjuke, men målet er at dyra skal ha så god helse som mogleg. Dyrehelse avheng mykje av fôring og stell, og dette vil vi ta opp under kvart enkelt dyreslag. Det er òg viktig å vite litt om ulike mikroorganismar som kan føre til skade og sjukdom, slik at vi kan unngå smitte.
Immunforsvaret til dyra
Korleis fungerer immunforsvaret hos ulike dyr? Og korleis kan du hjelpe dyra dine til å bygge eit best mogleg forsvar mot virus, bakteriar og andre smittestoff? Her skal vi sjå nærare på kva som ligg i omgrepa passiv og aktiv immunitet, og gi nokre gode råd for å oppnå god helse hos dyra.