Anløpingsprosessen trinn for trinn
Ved herding blir stålet varma til eit bestemt temperaturområde og deretter raskt kjølt ned. Bråkjølinga gjer at molekyla i stålet får ein nålestruktur, og at det oppstår store indre spenningar i stålet.
Desse indre spenningane kan skade stålet og føre til at det eksploderer, sjølv utan ytre påverknad. For å redusere spenningane må vi anløpe stålet straks etter bråkjølinga.
Første trinn i anløpingsprosessen er å varme opp stålet. Anløpingstemperaturen er ein moderat temperatur og ligg vanlegvis mellom 150 °C og 600 °C. Kor høg temperaturen må vere, avheng av ståltypen og av eigenskapane vi ønsker at stålet skal få. For karbonstål til dømes ligg anløpingstemperaturen på mellom 200 °C og 500 °C.
Vi kan bruke omn, induksjonsvarme eller flammevarme til å varme opp stålet. Vi kan også nytte indirekte varme. Då varmar vi opp ein annan stålbit til ein høg temperatur og legg delen vi skal anløpe, mot den varme stålbiten. Denne typen oppvarming tek lengre tid, men han gir oss svært god kontroll på temperaturen.
Når stålet er oppvarma til rett temperatur, må det haldast ved denne temperaturen i ein bestemd periode. Denne perioden kallar vi for haldetida. Haldetida varierer ut frå kor tjukt stålet er, og kva eigenskapar vi ønsker å oppnå. Haldetida sørger for at stålet kan nå ein jamn temperatur tvers gjennom. På denne måten blir indre spenningar i stålet reduserte.
Når haldetida er fullført, må stålet bli gradvis avkjølt til romtemperatur. Avkjølinga kan skje i luft eller gjennom ein kontrollert avkjølingsprosess. Gradvis avkjøling hindrar at det oppstår nye indre spenningar i stålet, og sikrar at det beheld dei mekaniske eigenskapane vi ønsker oss.
Etter anløpsprosessen kan stålet etterbehandlast på ulike måtar. Det kan til dømes slipast, polerast eller overflatebehandlast for å oppnå rett overflatefinisj og rette dimensjonar.
Anløping er ein varmebehandlingsprosess, og det er derfor viktig å sørge for sikre arbeidsforhold. Bruk personleg verneutstyr som vernehanskar og vernebriller og følg nøye med på temperaturar og prosedyrar.