Hopp til innhald
Fagartikkel

Utstyr for varmebehandling av stål

Når du skal gjennomføre varmebehandling av stål, er du avhengig av verktøy. Det finst ulikt utstyr som kan nyttast, både historiske, vanlege og moderne verktøy. Sjølve prosessen er lik uansett verktøy, men tidsbruken kan vere ulik.

Kvifor varmebehandlar vi stål?

Varmebehandling av stål er ein viktig prosess for å oppnå ønskte mekaniske eigenskapar i materiala. Dei ulike varmebehandlingsprosessane krev spesifikt utstyr. Herde-, anløps- og glødeomnar er alle viktige verktøy i verktøykassa til metallurgien, og det er avgjerande at vi bruker rett utstyr for å oppnå gode resultat. Vi må alltid overhalde HMS-krava for å sikre sikkerheita til operatørane og førebygge ulykker i arbeidsmiljøet.

Utstyr for herding

Historisk sett vart herding ofte utført ved hjelp av kol- eller koksesser, der stålet vart oppvarma direkte over flammar.

I dagens industri er det mest vanleg å herde stål ved hjelp av moderne herdeomnar. Desse omnane kan vere elektriske, gassdrivne eller induksjonsbaserte. Dei tillet nøyaktig kontroll av oppvarmingstemperatur, og dei mest moderne omnane kan òg regulere avkjølingsfarten.

Bruk av slike kontrollerbare varmekjelder hjelper til med å optimalisere herdeprosessen og oppnå betre resultat.

Utstyr for anløping

Anløpingsprosessen blir brukt for å redusere hardleik og auke seigleiken til stål, og vi bruker det derfor ofte i produksjon av delar som krev ein balanse mellom styrke og seigleik, til dømes verktøy, maskindelar og fjører.

Temperaturane som blir nytta ved anløping, ligg vanlegvis mellom 210 og 320 gradar, så det er ikkje krav til så høg varme. Her kan vi faktisk bruke ein vanleg steikeomn til å varme opp arbeidsstykket til rett temperatur.

Utstyr for gløding

Gløding blir brukt for å redusere indre spenningar i stål og for å oppnå ønskt mikrostruktur og mekaniske eigenskapar. Vi bruker derfor ofte gløding i produksjon av delar som vi må kunne forme, omarbeide eller kaldforme, til dømes plater, stenger og røyr.

For gløding bruker vi vanlegvis same oppvarmingskjelder som ved herdeprosessen, fordi vi treng same temperatur i stålet som ved herding. Det som er spesielt med gløding, er at avkjølinga av arbeidsstykket skal skje gradvis og langsamt. Temperaturreduksjonen er ofte så liten som 10 gradar per time ned til cirka 550 gradar, der strukturen i stålet har stabilisert seg.

Det er då krav til ein omn med kontrollert reduksjon av temperatur eller eit godt isolert oppbevaringskammer som klarer å halde på temperaturen i samsvar med ønskt avkjøling.

HMS ved varmebehandling av stål

Bruk av herde-, anløping- og glødeomnar krev opplæring og kunnskap om sikkerheitsprosedyrar for å unngå brannfare og eksponering for høge temperaturar. Bruk av personleg verneutstyr som varmebestandige hanskar, vernebriller og verneklede er viktig.