Film og filmklipp
Varmebehandling av stål
Kva skjer når stål blir varma opp og avkjølt? Jo, ved rett oppvarming og nedkjøling kan eigenskapane til stålet bli forandra. Korleis?
Varmebehandling av stål er ein viktig metallurgisk prosess. Vi utfører ein kontrollert oppvarmings- og kjøleprosess og forandrar på den måten dei mekaniske eigenskapane og mikrostrukturen til stålmateriale. Stålet får ulike eigenskapar avhengig av
kva temperatur vi varmar det til
kor lenge det er varmt
kor raskt det blir kjølt ned
I denne filmen (10 minutt) får du eit innblikk i korleis varmebehandling av stål kan gjennomførast.