Hopp til innhald
Fagartikkel

Anløping

Når vi herdar eit stål, får stålet ein struktur med store indre spenningar og treng derfor ei ny varmebehandling. Denne varmebehandlinga kallar vi anløping. Korleis og til kva temperatur vi skal varme stålet, avheng av kva vi skal bruke det til.

Kva er anløping?

Etter herdingsprosessen er det kraftige indre spenningar i stålet som gjer at det veldig lett sprekk. For å betre eigenskapane til stålet anløper vi det.

Anløping er ein kontrollert varmebehandlingsprosess for stål som blir brukt til å fjerne spenningane, gjere stålet mindre hardt og seigare (meir ) etter herding eller . Når vi vel anløpingsmetode og temperatur, tek vi omsyn til

  • kva legeringselement stålet består av

  • kva eigenskapar vi ønsker at stålet skal ha

Ved å bruke rett anløpingsprosess får vi eit stål med optimal styrke, seigleik og formbarheit (duktilitet).

Temperaturkontroll

Når vi varmar opp stålet, endrar det farge. Med litt trening kan vi etter kvart avgjere temperaturen på stålet ut frå fargen.

Men vi kan òg bruke måleinstrument til å kontrollere temperaturen. Moderne anløpingsomnar har ein nøyaktig termostat eller eit digitalt termometer som måler temperaturen ved hjelp av ein sonde eller ein infraraud stråle.

Val av anløpingstemperatur

Bruksområde for stålet

Temperatur ved anløping

borca. 210 °C
nåler

ca. 220 °C

brotsjeverktøyca. 230 °C
gjengeverktøyca. 240 °C
dorca. 250 °C
kjørnarca. 260 °C
hammarhovudca. 270–280 °C
fjør, spiralfjørca. 290 °C
øks, sylca. 300 °C
knivbladca. 310 °C
filca. 320 °C

Anløpingsmetodar

Dei vanlegaste anløpingsmetodane er helanløping, delanløping, mikroanløping og induksjonsanløping.

Heilanløping

Ved heilanløping (fullanløping) varmar vi opp herda stål til ein moderat temperatur, vanlegvis mellom 200 og 600 °C. Deretter avkjøler vi stålet langsamt i luft eller omn. Denne prosessen gjer stålet mindre hardt og sprøtt og sørger for at det likevel beheld tilstrekkeleg styrke. Heilanløping blir vanlegvis brukt på verktøystål, fjørstål og andre ståltypar som treng både styrke og seigleik.

Delanløping

Ved delanløping varmar vi opp berre ein del av eit stål til ein moderat temperatur, vanlegvis ved hjelp av induksjonsvarme eller flammevarme. Vi bruker delanløping når vi vil hardleiken i delar av stålet, til dømes i sveisesoner eller i område med høg spenning. Delanløping blir ofte brukt i reparasjons- eller vedlikehaldsarbeid der delar av ein stålkonstruksjon må ha spesielle eigenskapar.

Mikroanløping

Mikroanløping er ein presisjonsanløpingsmetode for å gi stålet spesifikke mekaniske eigenskapar som høg seigleik eller formbarheit. Vi varmar opp stålet til ein svært presis temperatur og avkjøler det deretter raskt. Mikroanløping kan vere nødvendig når stålet skal brukast i utstyr eller i konstruksjonar der nøyaktigheit er viktig.

Induksjonsanløping

Induksjonsanløping er ein metode der vi bruker induksjonsvarme til å varme stålet raskt og jamt til ønskt temperatur. Med induksjon kan vi få til kontrollert anløping med svært nøyaktig temperatur og høg effektivitet. Induksjonsanløping blir ofte brukt i industrien for masseproduksjon av stålkomponentar der nøyaktigheit og effektiv produksjon er viktig.

Ståltypar og eigna anløpingsmetodar

Ståltype

Anløpingsmetode

Verktøystål
(t.d. AISI D2)
heilanløping for å redusere hardleiken og auke seigleiken til stålet
Fjørstål
(t.d. AISI 1095)
heilanløping nødvendig for å oppnå ønskt kombinasjon av styrke og seigleik
Sveisekonstruksjonsstål
(t.d. ASTM A572)
delanløping for å redusere hardleiken i sveiseområde og for å forhindre sprekkar
Presisjonsstål
(t.d. AISI 4140)
mikroanløping for å oppnå spesifikke mekaniske eigenskapar som trengst i kritiske applikasjonar