De kan få i oppdrag å lage ei utstilling i ein butikk, eller de kan jobbe med å stille ut elevarbeid eller lånte produkt på skulen.
Oppgåve:
Finn fram eitt eller fleire produkt de vil stille ut, og lag ei utstilling der produkta kjem tydeleg fram. Når de lagar ei utstilling, må de tenkje på verkemiddel i komposisjonen og kva målgruppe de vil nå.
- De kan jobbe på ulike nivå.
- Hugs å tenkje på bakgrunnen. Det er viktig at den ikkje tek merksemda frå produkta.
- Ver medviten om kva farge og tekstur de vel på underlaget.
- Bruk gjerne ei lyskjelde til å framheve produkta.
Vurdering av:
- heilskap
- bruk av ulike verkemiddel i komposisjonen
- framstillinga av produkta som skal vere i fokus
- korleis de har teke omsyn til målgruppa
I filmen under kan de sjå korleis fargar og element blir gjentekne i ei utstilling for å danne heilskap.
Relatert innhald
CC BY-SASkrive av Iselin Myklebust.
Sist fagleg oppdatert 31.01.2019