Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Dokumentasjon med bruk av bilete og film

I denne oppgåva skal du dokumentere eigen arbeidsprosess og produksjon av eit produkt, ved bruk av digitale verkty. Du skal ta i bruk video og bilete i dokumentasjonsarbeidet. Ferdig produkt skal bli ein dokumentasjonsfilm.
Ungdom med fotokamera. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

Ta for deg ei oppgåve som du har jobba med i programfag. Det er viktig at du har hatt ein god arbeidsprosess og eit ferdig produkt.

  1. Dokumenter prosessen ved bruk av film og bilete. Det er viktig å tenke kvalitet på bileta/ filmen i tillegg til komposisjon, heilskap, form og farge.
  2. Rediger bileta:
    • Skjer til bileta, juster farge og liknande
    • Eigna program kan vere Photoshop, Picasa, Paint.net, GIMP eller liknande
  3. Rediger filmane:
    • Klipp til, ta vekk lyd og liknande
    • Eigna program kan vere Movie Maker/ iMovie eller liknande
  4. Sett inn bileta saman med filmen du har redigert. Det er viktig å tenke rekkefølge - at innhaldet har ein logisk progresjon og struktur. Du bør ha eit bilete/ ein slide i starten av filmen som seier noko om kva oppgåve du har dokumentert, og du kan godt ha nokre overskrifter/ kommentarar undervegs (kan godt vere knytte til fagord innan form, materiale, fargeval...).
  5. Legg til lyd og andre verkemiddel for å få ein god film.
  6. Vis filmen for klassa, snakk om dei vala du har gjort med omsyn til redigering og verkemiddel i filmen i tillegg til val av digitale verkty.

Innlevering og vurdering av:

  • Ferdig dokumentasjonsfilm

Relatert innhald

Dokumentasjon handlar om å beskrive kva du har gjort, og kva du planlegg. Det er viktig å dokumentere og kvalitetssikre eigen produksjon og kompetanse.

CC BY-SASkrive av Iselin Myklebust.
Sist fagleg oppdatert 23.01.2019

Læringsressursar

Dokumentasjon og presentasjon