Hopp til innhald

Verktøy og mal

Dokumentasjon i blomsterdekoratørfaget

På vegen til å bli blomsterdekoratør vil du få fleire praktiske arbeidsoppdrag, der du òg blir beden om å dokumentere prosessen frå idé til ferdig produkt.
Dokumentasjon av eigen arbeidsprosess kan hjelpe deg til å sjå samanhengar mellom teori og praksis.
Hender som jobbar med blomstrar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Tenk over og diskuter:

Ein ferdig utdanna blomsterdekoratør lagar mange ulike blomsterarbeid på oppdrag frå kundar, men skriv som regel ikkje dokumentasjon av denne prosessen. Kvifor er det ein viktig del av utdanninga å lære å dokumentere eigen arbeidsprosess?

Verktøy for læring

I utdanninga for å bli blomsterdekoratør vil du få fleire praktiske arbeidsoppdrag. Du skal lære å dokumentere prosessen frå idé til ferdig produkt. Etter to år som lærling, vil fagprøven bestå av praktisk arbeid og dokumentasjon som beskriv arbeidsprosessen din. Dette er noko du må øve på. Dokumentasjon er eit godt verktøy for å kunne sjå tilbake på utviklinga di.

Blomsterdekoratør er eit visuelt og estetisk fag. Det bør visast i dokumentasjonsarbeidet. Lær deg å ta mange bilete undervegs i prosessen, og la dokumentasjonen din få eit fint samspel mellom tekst og bilete.

Fagspråk er eit viktig verktøy i arbeidskvardagen. Du lærer faguttrykk ved å skrive og ved å knyte omgrepa saman med det praktiske arbeidde ditt.

Kva bør dokumentasjon av blomsterarbeid innehalde?

Framside

Framsida skaper eit førsteinntrykk av arbeidet ditt. Ho skal spegle innhaldet i dokumentasjonen, og gi lesaren lyst til å lese vidare. Set inn eitt eller fleire bilete frå arbeidsprosessen din. Det kan vere ein kollasj av blomstrane du har valt, eit moodboard eller foto av det ferdige produktet.

Innhaldsliste

Ha med ei tydeleg oversikt over innhaldet i dokumentasjonen saman med sidetal.

Innleiing

Presenter oppgåva, og skriv kva lesaren kan forvente å lese om i dokumentasjonen din. Beskriv oppdraget ditt. Kva er behovet til kunden, og kva rammer har du fått? Vis gjerne ein tidsplan for arbeidet ditt.

1. Idéutvikling

Moodboard

Eit moodboard er eit verktøy som kan formidle ein idé til ein kunde. Kunden skal få eit bilete av kva slags blomsterarbeid han eller ho vil få.

Det er ingen fasit for korleis eit moodboard skal vere, men hugs at elementa du set saman, skal fortelje om ideen din. Du kan bruke bilete som viser stemninga, stilen eller utrykket du planlegg i blomsterarbeidet ditt. Det kan vere foto som viser kva du blir inspirert av, eller ein presentasjon av vara du vil bruke.

Skisser

Blomsterdekorasjon i potte. Illustrasjon.

Skissene skal vere tydelege. Bruk gjerne svart tusj til å framheve linjene i skissene dine. Presenter idéane saman med faglege kommentarar. Vis at du forstår korleis du kan bruke teori i praksis, og bruk faguttrykk i skildringa.

I skissa til høgre er inndelinga mellom vasen og høgda på blomsterdekorasjonen plassert i det gylne snitt.

2. Planlegging

Her skal du bruke teori til å planleggje arbeidet ditt. Bruk det du kan om komposisjon, fargar, stilformer, materiale og teknikkar i det praktiske arbeidet.

Stilform

  • Kva stilform skal du bruke i blomsterarbeidet?
  • Kva er kjenneteikna på denne stilforma?
  • Kva val må du ta for å få fram stilforma?

Materialval

Vis kva materiale du vil bruke.

  • Kva materiale framhevar kvarandre?
  • Kva materiale skaper kontrastar?
  • Kva val må du gjere for å få fram det utrykket du ønskjer i blomsterarbeidet ditt?
Nærbilete av blomstrar i ein hjartedekorasjon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Teknikk

Kva teknikkar vel du til blomsterarbeidet du skal lage?

3. Produksjon

Vis arbeidsprosessen din gjennom bilete, og forklar kva du har gjort. Bruk faguttrykk og knytt teori til det praktiske arbeidde ditt. (Til eksamen treng du ikkje å beskrive arbeidsprosessen. Då er sensor til stades og ser korleis du utfører arbeidet.)

4. Eigenvurdering

Sjå tilbake på planlegginga di:

  • Korleis har du brukt teorien?
  • Gjekk arbeidet etter planen?
  • Måtte du gjere endringar undervegs?
  • Kva forbetringar ville du ha gjort, dersom du skulle gjere oppdraget på nytt?
  • Bruk vurderingskriterium for blomsterarbeidet til å vurdere arbeidsprosessen og produktet ditt.

5. Læring

Kva har du lært gjennom oppdraget? Det kan til dømes vere noko frå teorien eller ein teknikk du har fått til betre enn førre gong du jobba med han.

Grunngi svara dine

Til dømes:
Eg er nøgd med val av materiale. Raude roser er komplementærkontrast til grøn thlaspi, og fargane framhevar kvarandre …

Eg fekk fram det romantiske uttrykket eg var ute etter, ved å bruke milde rosafargar og blomstrar som er runde i forma …

CC BY-SASkrive av Gøril Vorland og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 23.05.2020

Læringsressursar

Dokumentasjon og presentasjon