Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oppgåve i kvalitetssikring

I denne oppgåva skal du ta for deg eit produkt du har laga i programfag, og kvalitetssikre arbeidsprosessen og det ferdige produktet.
Kvinne med spørjeteikn. Foto og grafikk.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dei ulike fasane i produksjonsprosessen

Når du skal kvalitetssikre arbeidsprosessen og det ferdige produktet, er det viktig å ta for seg dei ulike fasane i produksjonsprosessen:

  • idéutvikling
  • planlegging
  • gjennomføring
  • vurdering
  • oppfølging

Oppgåve

  1. Lag ei liste over mål du hadde med oppgåva før du starta. Sjå gjennom dei fem fasane i produksjonsprosessen. Burde du ha gått inn og gjort endringar i nokon av fasane?
  2. Vurder kvaliteten på produktet ditt. Legg vekt på utsjånad (farge og form), funksjon og slitestyrke (materialval og produksjonsmetode). Blei resultatet som forventa?

Innlevering og vurdering av

  • liste over mål for oppgåva
  • produksjonsprosessane og det ferdige produktet

Relatert innhald

Kvalitet er knytt til eigenskapen til eit produkt. Venn deg til å tenkje kvalitetssikring gjennom heile prosessen, frå idé til ferdig produkt.

CC BY-SASkrive av Iselin Myklebust.
Sist fagleg oppdatert 27.06.2020

Læringsressursar

Dokumentasjon og presentasjon