Hopp til innhald

Fagstoff

Dokumentasjon

Dokumentasjon handlar om å beskrive kva du har gjort, og kva du planlegg. Det er viktig å lære å dokumentere og kvalitetssikre eigen produksjon og kompetanse. Dette vil du ha bruk for når du kjem ut i arbeidslivet.
To jenter ser på skjermen på eit digitalt speilreflekskamera. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Å hugse detaljar er ofte vanskelegare enn vi trur, spesielt når det har gått litt tid. Dokumentasjon handlar om å beskrive kva du har gjort, og kva du planlegg. Spesielt viktig er dette når vi arbeider for andre eller jobbar i team eller prosjekt.

Under opplæringa skal dokumentasjonen først og fremst nyttast til vurdering og til framlegging for andre elevar. Når du seinare skal ut i arbeidslivet, vil dokumentasjonen vere nyttig å vise til når du skal søkje jobb. Det er store skilnader mellom dei ulike yrkesfaga på korleis du best dokumenterer læringsprosessen. For nokre oppgåver er det sjølve resultatet som er det viktigaste å dokumentere, mens det for andre arbeidsoppgåver kan vere idéutviklingsprosessen som er det viktigaste.

Arbeidsprosess

Du må kunne lage enkle skisser og arbeidsteikningar, og gjerne finne biletemateriale i aktuell faglitteratur eller på nettet. Arbeidsteikningane bør du kunne bruke i samband med sjølve produksjonsprosessen. Dersom dei ikkje er laga i målestokk 1:1, må proporsjonane vere riktige i forhold til det ferdige resultatet. I mange arbeidsprosessar kan det vere aktuelt å gjere bruk av tredimensjonale skisser i form av enkle modellar.

Dokumentasjon av ei oppgåve

Følgjande punkt bør vere med i dokumentasjonen av ei konkret arbeidsoppgåve:

  1. Grunngjeving for val av arbeidsoppgåve.
  2. Planane for arbeidet slik dei blei laga med framdriftsplan, arbeids- og ansvarsfordeling, val av materiale og teknikk, arbeidsskisser og tekniske teikningar.
  3. Sentrale punkt i gjennomføring av sjølve arbeidsprosessen, (HMS-tiltak og vurderingar som blei gjorde undervegs i prosessen).
  4. Korleis det ferdige resultatet av arbeidsprosessen ser ut i forhold til dei opprinnelege planane, gjerne med ei konkretisering av viktige avvik. Dersom de i ettertid ser at noko med hell kunne vore gjort heilt annleis, er dette viktig å få med i dokumentasjonen.
  5. Til slutt oppsummerer du kva du har lært av prosjektet, og kva du kan ha nytte og glede av med tanke på ditt framtidige yrkesval.

Oppgåvetypen avgjer kva du bør leggje mest vekt på i dokumentasjonen din. Som regel er det viktig å gjere greie for form, farge, dekor, komposisjon, materiale, teknikk, funksjon, presentasjon og pris. Når du skal presentere resultatet av arbeidsprosessen for andre, er det viktig å grunngi korleis vala undervegs har påverka resultatet.

Tre personar lagar fleire lag av modellar på ei datamaskin. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Digital dokumentasjon

Du må kunne bruke digitale verktøy til å dokumentere arbeidsoppgåvene dine. I yrkeslivet skjer mykje av kommunikasjonen over nett, og fildeling er ein vanlig måte å samarbeide på.

Rapportar kan vere skriftlege med skisser og arbeidsteikningar, eller dei kan bli presenterte gjennom bilete, video og lydopptak. Slik kan du også kombinere å lage tredimensjonale modellar, som kan vere gode å ha under utstillingar og andre visningar.

CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland og Tron Bårdgård . Rettshavar: NRK
Sist fagleg oppdatert 08.05.2020

Læringsressursar

Dokumentasjon og presentasjon