Hopp til innhald

Fagstoff

Om faget – for læraren

Faget kommunikasjon, kunde og arbeidsliv er utvikla i tråd med Kunnskapsløftet 2020. Vi har teke utgangspunkt i både overordna og fagspesifikk del av læreplanen: kompetansemål, skildring av fagrelevans og sentrale verdiar, kjerneelement, tverrfaglege tema og grunnleggande ferdigheiter.

Korleis finne fram i faget?

Når du går inn på frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign vg1 på NDLAs hovudside, vil du få opp ein inngang for kvart enkelt programfag. Klikkar du deg inn på eit programfag, får du opp ei oversikt over emna i det aktuelle faget.

Emne med tilhøyrande artiklar og oppgåver

Går du inn i eit emne, finn du ei opplisting av fagartiklar og oppgåver som høyrer til emnet. Nokre av emna er delte opp i underemne. Då vil du finne artiklar og oppgåver når klikkar deg vidare til dei enkelte underemna.

Menyvisning, språkveljar og fritekstsøk

Øvst på kvar side finn du ein knapp med knappeteksten Meny. Til høgre for innhaldsknappen finn du språkveljaren og søkefunksjonen. Klikkar du på menyknappen, får du opp ei oversikt over innhaldet i faget. Språkveljaren lèt deg velje bokmåls- eller nynorskversjon av innhaldet, og søkefunksjonen kan du bruke til søk i faget og på heile ndla.no.

Søk på innhald knytt til same kompetansemål

Det er òg mogleg å søke og sortere innhald etter kompetansemål. Det gjer du enklast ved å gå inn på fagframsida og klikke på det vesle ikonet Vis kompetansemål, som er plassert rett under namnet på faget.

Innhald

For utdanningsprogrammet frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign vg1 finn du på NDLA fagartiklar, filmar, podkastar, eit virtuelt biletgalleri og utforskande og yrkesretta oppgåver. Her må du gjere eit utval for elevgruppa di og tilpasse det til skulens årsplan.

Ressursane for kommunikasjon, kunde og arbeidsliv dekker kompetansemåla og gir høve til yrkesfagleg fordjuping. Ved å klikke på "Vis kompetansemål" vil du få opp korleis kvar enkelt ressurs er kopla til læreplanen.

Læringsressursane er forankra i verdigrunnlaget frå overordna del av læreplanen. Det betyr at du vil finne fagressursar som skal få elevane til å utforske, vere kreative og skapande. Vi har vektlagt idéutvikling og designprosessar der elevane er aktive og jobbar kreativt, både individuelt og saman med andre. Kundebehandling og analyse av oppdrag og bestillingar er komne inn som viktige emne i yrkesrettinga. Elevane blir utfordra til å reflektere, sjå etter samanhengar og vurdere eigne arbeidsprosessar.

Tre elevar monterer foliedekor på store vindauge. Dekoren består av fargerike strekfigurar. To og to figurar er saman om å halde i ein hjarteforma ballong. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eigne emne for dei ulike yrkesretningane

Vi har oppretta eigne emne for frisør, blomsterdekor, interiør, eksponeringsdesign og profileringsdesign. Elevane skal få innblikk i dei ulike yrkesfaga og høve til å fordjupe seg i yrket dei har valt. Yrkesportrett og skildring av utdanningsløp er samla i emnet Yrke innan frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign.

Kundefokus

Læreplanen legg vekt på at elevane skal løyse oppdrag frå kundar. Dette er utgangspunktet for fleire oppgåver. Delemnet Ekstern kommunikasjon har fokus på dialog, kunderettleiing og gode kunderelasjonar. I tillegg har vi oppretta eit eige emne Kultur og kunde som handlar om kulturforståing i møte med kundar.

Ein frisør held eit fargekart opp mot håret til ein kunde. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kommunikasjon

Kommunikasjon har blitt eit eige hovudemne. Her ser vi først på kva kommunikasjon er, deretter går vi nærare inn på intern kommunikasjon og ekstern kommunikasjon. Her skal elevane bli bevisste på korleis kommunikasjon blir brukt på arbeidsplassen og i møte med kundar og leverandørar.

Vi ser òg på kommunikasjon som eit verktøy i kreative prosessar, i relasjonsbygging og konflikthandtering. Visuell kommunikasjon blir i tillegg dekt i eit eige hovudemne om visualisering og i delemnet Grafisk design.

Arbeidsliv

Temaet partane i arbeidslivet er i Kunnskapsløftet 2020 teke inn i alle yrkesfaga. Her har vi utarbeidd felles ressursar for yrkesfaga og laga nokre meir yrkesspesifikke oppgåver. Desse ressursane finn du i hovudemnet Arbeidsliv. Vi har brukt podkastar som inngang til refleksjon over kva som kjenneteiknar ein profesjonell yrkesutøvar, og korleis vi bør møte kundar.

I samarbeid med Etablerersenteret har vi utvikla eit eige emne om å starte eiga bedrift. Her har vi òg teke med ressursar som handlar om å marknadsføre produkt, og ein læringssti om digital marknadsføring.

Vi har laga eit nytt emne om prisberekning. Desse ressursane er laga i samarbeid med matematikkredaksjonen til NDLA, slik at elevane møter ein heilskapleg og lik bruk av fagomgrep i dei to faga. Her har vi lagt vekt på å yrkesrette innhaldet. Du finn mellom anna eit arbeidsoppdrag der elevane kan jobbe innanfor yrket dei har valt, med sommarbryllaup som felles tema.

Innanfor helse, miljø og sikkerheit (HMS) har vi samarbeidd om ressursar som blir brukte i fleire yrkesfag. Desse er delte inn i HMS for eleven, HMS for arbeidstakaren og HMS for arbeidsgivaren. I tillegg har vi skilt ut sikkerheit og førstehjelp som eigne delemne.

Smilande blomsterseljar tek imot betaling frå ein kunde. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

På tvers av fag

Programfaga i utdanningsprogrammet frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign vg1 er knytte tett saman. Fleire av ressursane vil innehalde kompetansemål på tvers av programfaga. Vi har valt å legge hovudemna Visualisering, Dokumentasjon og presentasjon og Berekraftig utvikling i begge programfaga sidan dei òg er viktige i arbeidet med produktutvikling og produksjon.

Du kan òg la elevane jobbe med problemstillingar dei kan finne svar på ved å bruke ressursar frå fleire fag. Vi har samla fleire slike problemstillingar og casar i eit eige fag: tverrfaglege tema.

Støtte til læringsarbeid og planlegging

Metodane og tilnærmingane som er skildra i overordna del, gjeld alle faga, og det har vi i NDLA teke på alvor. Vi har derfor laga eit eige "fag" som vi kallar Verktøykassa. Der ligg det ressursar for elevar som kan vere nyttige i læringsarbeidet, og ressursar for lærarar som kan komme godt med i planlegging av undervisning.

Innspel og dialog

Vi ønsker dialog med brukarane våre! Kom gjerne med innspel i Facebookgruppa: Frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign fra NDLA.no.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 13.08.2023

Læringsressursar

Om faget – for læraren