Hopp til innhald

Kommunikasjon

I yrkesfag er vi avhengige av å ha god kommunikasjon med medarbeidarar og kundar. Kommunikasjon mellom tilsette på arbeidsplassen kallar vi intern kommunikasjon, mens ekstern kommunikasjon er kontakt med andre. Visuell kommunikasjon er formidling av idéar og informasjon ved hjelp av bilete og synsinntrykk.

Intern kommunikasjon

Kommunikasjon mellom tilsette på arbeidsplassen kallar vi intern kommunikasjon. God kommunikasjon mellom kollegaer og mellom leiarar og tilsette er viktig. Det gjer kvardagen lettare og kan vere med på å skape gode relasjonar og eit godt miljø på jobb.