Produktutvikling og produksjon (FD-FBI vg1)
Felles programfag saman med:Kommunikasjon, kunde og arbeidsliv (FD-FBI vg1)
Helse, miljø og sikkerheit (HMS)
Alle bedrifter må ha fokus på helse, miljø og sikkerheit. Vi skal jobbe på ein sikker måte, og gjere det vi kan for å førebygge uheldige konsekvensar for oss sjølve, andre og miljøet rundt oss. Som elev må du også ivareta HMS. Ein triveleg, trygg og sikker skule er eit godt utgangspunkt for læring.
HMS for arbeidstakaren
Arbeidsmiljølova og ulike forskrifter krev systematisk arbeid for å sikre helse, miljø og sikkerheit for arbeidstakarane. Alle har eit ansvar for å skape eit godt helsefremjande arbeidsmiljø.