Hopp til innhald

Fagstoff

Forslag til tema i årsplanen

Når du skal planlegge skuleåret for frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign vg1, kan du ha nytte av forslaget vårt til tema i årsplanen. Her får du tips til korleis emne kan strukturerast på tvers av faga. Planen inneheld også lenker til aktuelt fagstoff på NDLA.

Ein fagarbeidar treng heilskapleg kompetanse for å utøve yrket og ei forståing av at det er ein samanheng mellom kompetansemåla i programfaga – alt heng saman.

Temaa kan derfor ha innhald og arbeidsoppgåver som dekker fleire av kompetansemåla på tvers av dei to programfaga. Vi håper planen kan vere til inspirasjon! Last han gjerne ned og tilpass han til elevgruppa di.

Filer

Vi har lagt inn kompetansemål og har i tillegg forankra innhaldet i den overordna delen av læreplanen. Det er mange måtar å nå eit mål på, og det ligg i eigenarten til faget at vinklinga av innhaldet kan variere frå skuleår til skuleår. Vi har derfor valt å introdusere emne og forslag til ressursar framfor å lage ein tradisjonell årsplan disponert med vekenummer. Vi har oppretta ein eigen kolonne med fagord det er naturleg å fokusere på i arbeidet med ulike tema.

I kolonnen Ressursar finn du lenker som fører deg til emne, fagartiklar, oppgåver og arbeidsoppdrag på ndla.no. Ressursane er universelt utforma og ligg føre på både bokmål og nynorsk.

Nyttige ressursar hos NDLA

Tre designarar som diskuterer fargeval og skisser. Foto.

NDLA har laga tverrfaglege ressursar som kan vere nyttige ved skulestart og gjennom heile året. Ei av dei tverrfaglege ressurssamlingane våre er Verktøykassa. Her finn du mange fagartiklar og oppgåver som kan bidra til ein god skulestart og til eit trygt og utviklande skulemiljø. Du finn også mange andre gode tips og råd her.

Forslag til samarbeid med fellesfag

Naturfag, matematikk, engelsk og kroppsøving har kompetansemål som gjer det mogleg å samarbeide om ulike prosjekt i løpet av året. Eit tips er å gå gjennom kompetansemåla i desse faga, samarbeide med fellesfaglærarar og lage nokre prosjekt som de kan gjennomføre i fleire fag.

Lykke til med organiseringa av skuleåret!

CC BY-SASkrive av Hanne Merethe Riskedal Staurland, Inger Gilje Sporaland, Jannike Gausdal og Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 28.06.2022

Læringsressursar

Om faget – for læraren