Kommunikasjon, kunde og arbeidsliv (FD-FBI vg1)
Felles programfag saman med:Produktutvikling og produksjon (FD-FBI vg1)
Helse, miljø og sikkerheit (HMS)
Alle bedrifter må ha fokus på helse, miljø og sikkerheit. Vi skal jobbe på ein sikker måte, og gjere det vi kan for å førebygge uheldige konsekvensar for oss sjølve, andre og miljøet rundt oss. Som elev må du også ivareta HMS. Ein triveleg, trygg og sikker skule er eit godt utgangspunkt for læring.
Tryggleik
Med T-en i HMT-omgrepet meiner vi tryggleik for person, prosess og produkt. Vi skal ivareta trykkleiken i alle situasjonar og alle jobbar som skal gjerast.