Produktutvikling og skapande prosessar (DT-DTH vg1)
Felles programfag saman med:Materiale og teknikkar (DT-DTH vg1)
Design
Å designe betyr å gi form til noko. Det kan vere alt frå klede og bruksting til å lage ei utstilling eller eit nytt konsept. Som designar kan du få i oppdrag å bestemme korleis noko skal sjå ut, og korleis det skal fungere.
Kreativitet og idéutvikling
Kreativitet og idéutvikling er viktige sider ved designprosessen. Ein verktøykasse med ulike kreative metodar, kunnskap om innovasjon og skapande prosessar vil gjere deg rusta for å tenkje variert og nytt. Du vil også kunne leie kreative og skapande prosessar på skulen eller arbeidsplassen.