Hopp til innhald

Fagstoff

Styrke på lyssetjing – lux

Styrke på lyssetjing fortel kor mykje lys som fell på ei flate og kor opplyst flata er. Vi kan bruke ein lysmålar og sjekke kor mykje lys vi får til dømes på eit arbeidsområde. Styrke på lyssetjinga blir målt i lux.
Dresskledde menn jobbar i eit kontorfellesskap. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Styrke på lyssetjing

Auget vårt ser ikkje styrken på lyssetjinga. Det ser kor mykje lys som blir reflektert, til dømes frå vegger eller frå ei bordflate. Innelyssetjinga i nokre rom i private heimar kan liggje ned mot 50 lux, noko som er i minste laget.

Nokre døme på lyssetjingsstyrke:

  • Ein solskinsdag = 100 000 lux

  • Ein gråvêrsdag utandørs = 1000 lux

  • Måneskin < 1 lux

  • Arbeidslyssetjing = 200–500 lux

  • Butikklyssetjing = 1000–2000 lux

Lux

Lux er målbart og kan målast med eit luxmeter. Dette er eit instrument som elektrokonsulentar bruker for å sjekke at retningslinjer for luxnivå blir følgt. Feil luxnivå kan få store konsekvensar for konsentrasjon og trivsel.

Utstillingsdokker i butikk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Luxnivå er svært viktig ved til dømes handel i butikk. For lite lux kan føre til mindre sal.

CC BY-SASkrive av Gunn Elin Birkenes.
Sist fagleg oppdatert 23.04.2021

Læringsressursar

Lys og lyssetjing i interiørfaget