Hopp til innhald

Fagstoff

Dagslys

Sola gir både varme og lys. Historisk sett er det ikkje lenge vi har hatt elektrisk lys. I mange tusen år var lys forbunde med dagslys og levande flamme. Når du skal planleggje lysbruk i eit bygg, er det viktig å kjenne til den påverknaden sola og dagslyset har på oss.
Sollys skin mellom stammane i ein skog. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Korleis påverkar sol og dagslys oss?

Dagslys stimulerer oss, påverkar humøret og aktivitetsnivået vårt. Dessutan vil plasseringa av sola på himmelen hjelpe oss med å tolke omgivnadene våre og kva tid det er på døgnet.

Før elektrisiteten var mennesket svært mykje utandørs. Opptil 90 % av den vakne tida vår var vi ute. No er det motsett. Når vi er mykje innandørs, blir eigenskapane til det kunstige lyset viktige. Alle levande vesen har ei "indre klokke", kalla døgnrytme. Korleis mennesket historisk sett har tilpassa seg dagslys og dagsrytme, pregar oss enno.

Dagslys er òg viktig for hormonbalansen vår. Stresshormon kan bli påverka ved manglande dagslys.

Ei kvinne sit på ei seng og stirer tankefullt ut av vindauget på ei bygning. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Planlegging av lysbruk i bygg

Vi bør kjenne til påverknaden sol og dagslys har på oss når vi skal planleggje lysbruk i bygg. Det kan òg vere ein fordel å ha utsikt over hage eller natur. Naturleg lys og utsyn har følgjande effektar på oss:

  • bra for helsa

  • nedstressande

  • gir oss oversikt over tid, stad og vêr

Sidan vi manglar nok dagslys på kveldstid og i store delar av vinterhalvåret, kan det vere interessant å sjå på kva kvalitetar frå dagslyset vi kan hente med oss inn i byggverk. I opphaldsareal bør vi kombinere dagslys og elektrisk lyssetjing på ein god måte.

Salong med store vindauge. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Gunn Elin Birkenes.
Sist fagleg oppdatert 21.04.2021

Læringsressursar

Lys og lyssetjing i interiørfaget