Hopp til innhald

Fagstoff

Fargetemperatur – kelvin

Ulike lyskjelder har ulik fargetemperatur. Nokon lyskilder gir eit varmt lys, andre eit kaldt lys. Dette påverkar stemninga i eit rom, og blir kalla fargetemperatur. Denne temperaturtypen blir målt i kelvin-grader.

Korleis verkar fargetemperatur på oss?

Fargetemperaturen påverkar stemninga i rommet, kjensla vår av velvære og dermed også humøret vårt. Kva fargetemperatur du vel å bruke for å lyse opp eit rom, blir derfor viktig.

Fargetemperaturen påverkar òg effektiviteten vår. Til dømes viss du blir utsett for varmt lys på arbeidsplassen din, vil arbeidseffektiviteten din truleg minske, fordi det raude lyset kan gjere deg mindre konsentrert enn det kaldt lys vil. Ein stor del blått triggar hormona som held oss vakne – melatonin.

Ein mann peiker på lyspærer med ulik fargetemperatur, og ei dame studerer effekten. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kelvin

Kelvin (K) er ei nemning på fargetemperaturen på lys. Vi beveger oss innanfor eit spekter på mellom 1000 og 10 000 når vi snakkar om kelvin. Jo høgare tal, dess kaldare lys. Kaldt lys verkar blåkvitt, mens eit varmt lys verkar gult eller raudt. Viss fargetemperaturen blir målt til mellom 2700–3000 K, blir lyset rekna som ein varm farge. 2700 er fargen til ei tradisjonell glødepære.

Fargetemperatur i lys oppgitt i kelvin. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi kan oppsummere fargetemperaturen slik:

  • Varm raudleg under 3000 K

  • Middels 3300–5300 K

  • Kald blåleg over 5300 K

Tilpass fargetemperaturen til bruksområdet

Lyskjelder med ein fargetemperatur på rundt 5000 K og over nærmar seg fargetemperaturen for dagslys. Denne typen lyskjelde passar i situasjonar der du ønskjer at det kunstige lyset skal sjå så ”ekte” ut som mogleg. Denne fargetemperaturen passar svært godt i til dømes galleri og atelier.

Ung mann sit framom datamaskin i kontorfellesskap. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lysfarge mellom 3000–4000 K blir gjerne brukte i lokale der ein vil "vakne litt opp" eller jobbe meir fokusert. Derfor kan denne lysfargen med fordel bli brukt i kontor, utdanningslokale eller liknande.

Lyskjelder med ein fargetemperatur på 2700 K eller under kan skape ein varm og romantisk atmosfære og kan derfor vere passande i restaurantar, kaféar eller andre stader der intimitet og kos er ønskjeleg.

Menneske ved eit langbord på ein restaurant. Servitør med vinglas i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

2700 K har tradisjonelt vore lysfargen som vart brukt i bustader, sidan dette har vore fargen til ei standard glødepære. Moderne lyssystem gjer det enklare å velje lysfarge og veksle mellom varmt og kaldare lys. I ein vanleg norsk heim er det mange som trivst best med lysfarge mellom 2700–3000 kelvin.

CC BY-SASkrive av Gunn Elin Birkenes.
Sist fagleg oppdatert 28.04.2021

Læringsressursar

Lys og lyssetjing i interiørfaget