Hopp til innhald

Fagstoff

Lys i ulike rom

For å velje riktig lyssetjing må du sjå på kva rommet skal brukast til. Det er stor forskjell på lyssetjinga i til dømes eit bad og ei stove. Vi skil mellom generell lyssetjing, funksjonslyssetjing og stemningslyssetjing.
Kjøken i minimalistisk stil. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva skal vi tenkje på når det gjeld lyssetjing i dei ulike romma i huset?

Generell lyssetjing

Generell lyssetjing er grunnlyssetjinga som blir brukt for å få jamt og godt lys i rommet. Dette er lystypen vi har mest av i eit hus, og er i mange tilfelle éi standard taklampe som lyser opp heile rommet. Denne typen lyssetjing bør kombinerast med tilleggslyssetjinga for å unngå at vi opplever lyset som flatt og livlaust.

Funksjonslyssetjing

Funksjonslyssetjing blir brukt i soner der vi innreier for ein bestemd funksjon, til dømes ein stad i rommet der det er behov for ei leselampe eller arbeidslampe. Det er ein fordel om funksjonslyssetjing har ein konsentrert regulerbar lysstråle. Døme på bruk er på kontorarbeidsplassen eller leselamper ved senga.

Menneske i eit opent kontorfellesskap. Illustrasjon.

Stemningslys

Stemningslys er lyssetjingstypen som kan gjere stor forskjell på atmosfæren i rommet. Ofte bruker vi nedhengde pendellamper til dette formålet. Dei er ofte svært dekorative og kan vere eit blikkfang og fokuspunkt i eit rom. Døme på dette er lysekroner og andre skulpturelle tak- eller stålamper. Spottar og downlight som kan dimmast, kan vi òg bruke som stemningslys.

Kvitt interiør i eit kvitt rom, der lys blir brukt som fokuspunkt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nokre hugsereglar:

  • Lysset rommet etter dei funksjonane som skal vere i rommet.

  • Rommet skal ha nok lys, men ikkje for mykje lys. Då forsvinn skuggane og djupneforståinga vår i rommet og gir ei flat og lite spennande kjensle av interiøret.

  • Unngå store mørke soner, då vi kan oppleve desse som ubehagelege.

  • Varier mellom ulike lyssetjingstypar for å komplettere behova i dei ulike romma. Dette gjer at romma kjennest gode å vere i.

  • Gjer ei vurdering på kva stemning du vil prøve å oppnå.

  • Korleis vi lysset, kan påverke opplevinga av storleik og form på rommet.

  • Lysstyrke, lyskjelde, type lyspære, lysfarge og fargeattgjevinga til lyset vil påverke korleis møblar, produkt, tekstur og fargar blir oppfatta i eit rom.

Hjørnet av eit soverom teikna i perspektiv. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

Lys kan skape tryggleik og gjere bygg meir framkommelege. Universell utforming sikrar at alle skal kunne bruke uteområde og bygningar på ein likeverdig måte.

Fargetemperaturen på lyset påverkar stemninga i eit rom. Kelvin er ei nemning på fargetemperaturen på lys.

CC BY-SASkrive av Gunn Elin Birkenes.
Sist fagleg oppdatert 04.05.2021

Læringsressursar

Lys og lyssetjing i interiørfaget