Hopp til innhald

Fagstoff

Fargeattgiving

Fargeattgiving er evna lyset har til å gi att farge på eit objekt. Vi måler dette i forhold til sollyset. Sjå for deg korleis omgivnadene dine ser ut når du er ute i fullt dagslys. Dette er optimal fargeattgiving. Fargeattgivinga påverkar på korleis ting verkar i ulike miljø.

CRI – Colour Rendering Index

Sollyset har ei perfekt fargeattgiving på 100 %. Det er det ikkje alltid at ei lyspære har. For å sørge for at lyskjelda vi bruker gir riktig fargeattgiving, må vi vite kva vi skal sjå etter. Det kallast RA-index eller CRI – Colour Rendering Index. CRI er uavhengig av fargetemperatur.

Fargeattgiving blir angitt på ein skala frå 0 til 100 prosent. Indeksen angir kor nøyaktig fargeattgivinga til lyskjelda er i forhold til lyset til sola. Jo høgare CRI, jo nærare er lyskjelda naturen sitt lys. Ved låg CRI blir fargane blasse og kan vere vanskelege å skilje frå kvarandre.

Lyskjelder med ein CRI mellom 80 og 89 har ei normalt god fargeattgiving, og er den mest brukte fargeattgivinga på lyspærer.

Korleis kan fargeattgiving påverke oss?

Fargeattgiving er svært viktig i til dømes butikkar og frisørsalongar. Her vil ein ofte nytte ein CRI mellom 90–100. Eit døme på korleis fargeattgivinga kan påverke oss, er ved å sjå kva CRI gjer med hudfargen. Med låg CRI/RA-index mistar vi gløden og får eit grønleg skjær i ansiktet. Tenk deg at du prøver klede i eit prøverom. Det er rikeleg med lys i prøverommet, men dei som har valt lyspærer, har ikkje sjekka kva CRI som er på lyspærene. Butikkeigarane skjønar ikkje kvifor dei sel så lite klede i akkurat denne butikken.

Flott og fargerik utstilling av mange typar frukt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Spesielt god fargeattgiving over 90 bør planleggast til dømes i galleri, salslokale og prøverom, eller i spa og velværesalongar. Det er òg viktig der ein lagar og serverer mat, sel frukt eller liknande. I ein parkeringsgarasje vil derimot ikkje ein høg CRI vere prioritert.

CC BY-SASkrive av Gunn Elin Birkenes.
Sist fagleg oppdatert 13.08.2021

Læringsressursar

Lys og lyssetjing i interiørfaget