Korleis samanlikne innhaldet i tekstane?
Vedlegg: Utdrag frå Min kamp 4 av Karl Ove Knausgård (2010) og utdrag frå Soga om Gunnlaug Ormstunge, skriven ned på 1200-talet.
Begge dei vedlagde tekstane handlar om forholdet mellom far og son, men det er 800 år mellom dei. Samanlikn form og innhald i dei to tekstane.
Kommentar: Du skal samanlikne både form og innhald, og du skal vise kunnskap om norrøn tid og samfunnet i dag. Du skal gjere greie for verkemiddel i tekstane, vise kva funksjon dei har og grunngi dine eigne tankar om tekstane. Bruk relevant fagspråk.
Vedlegg 1: Utdrag frå Min kamp 4
Relatert innhald
Vedlegg 2: Utdrag frå Soga om Gunnlaug Ormstunge
Om Gunnlaug er det sagt, at han vart tidleg vaksen og stor og sterk; han hadde vakkert, lysebrunt hår, svarte øine og eit godt ansikt, men nasen kunne vore finare. Han var midjesmal og bredskuldret og svært velbygget. Av lynne var han arrogant og ærekjær, stri og hard støytt og ein god skald, glad i å gjere nidviser, — derfor vart han kalla Gunnlaug Ormstunge. Hermund var meir vennesæl og var reint som ein høvding å sjå til. Då Gunnlaug var femten år gammal, bad han faren om utrusting til ei reise; han sa han ville fare utanlands og sjå andre folks skikkar. Illuge bonde drog på det, — det var ulikt å sende han utanlands, for det var snautt han rådde med han her heime, sa han. Kort etter dette gjekk Illuge bonde ut tidleg ein morgon og fekk sjå at stabburet stod ope; nokre varesekker var lagt ut, og likeens kløvgreier. Som han stod og undra seg, kom det éin leigande med fire hestar. Det var Gunnlaug. Han sa: «Det er meg som har lagt ut sekkene». Illuge spurde, kvifor han det hadde gjort. Han svarte at det var til reisa hans. «Til den får du inga hjelp av meg», sa Illuge, «og ingenstad skal du reise, før eg vil»; og dermed kasta han varesekkene inn igjen. Då rei Gunnlaug av garde og kom til Borg om kvelden; Torstein bonde bad han vere der, og det tok han imot.
Les utdraget frå Min kamp 4 grundig, minst tre gonger. Det er viktig at du strekar under og noterer ned stikkord til det du les undervegs.
- Etter første gongs lesing – kva meiner du er motivet i denne teksten? (Kva skjer i dette utdraget?)
- Etter andre gongs lesing – korleis synest du forholdet mellom far og son verkar i teksten?
- Etter tredje gongs lesing – kva er temaet i teksten?
Bruk same metode som du gjorde i del 1, men no på utdraget frå Sagaen om Gunnlaug Ormstunge. Svar på akkurat dei same tre spørsmåla som i del 1.
Skriv ned alt du synest kan vere relevant å ta med når du skal samanlikne dei to utdraga. Du kan til dømes skrive om
- kva som er felles for begge tekstane
- kva som er ulikt i tekstane
- korleis fedrane verkar
- korleis gutane opptrer
- kven som reiser i tekstane
No har de jobba grundig aleine med motiv og tema i kvar av tekstane. Då er det spennande å snakke med andre elevar i klassen og sjå om de har lagt merke til det same. Diskuter svara i gruppe og noter ned det dei andre seier.
Fyll ut skjemaet under eller skriv ein annan stad:
Diskuter i grupper:
- Både Gunnlaug og Karl Ove er tenåringar, men dei lever på høvesvis 900- og 1900-talet. Synest du desse to tenåringane verkar som dei er typiske for si tid? Du kan til dømes peike på typiske heiltrekk ved sagafiguren Gunnlaug og typiske samtidsproblem Karl Ove opplever i utdraget.
- Kunne Karl Ove vore ein sagahelt? Kvifor (ikkje)?
- Utdraget har vist at tenåringen Karl Ove er full av kjensler. Likevel prøver han å skjule dei for faren og stemora. Betyr det at mannsrolla ikkje har forandra seg på 1000 år? Er det lov for gutar å gråte i dag?
- Kva rolle speler ære for dei fire mannlege karakterane du har møtt i utdraga?
Alle gruppene deler idéane sine i plenum. Få læraren til å skrive det de seier på tavla. Noter ned eller ta bilete av tavla, slik at de har idéane til alle elevane i klassen før de set i gong med å skrive samanlikninga.