Hopp til innhald

Fagstoff

Slik byggjer du opp eit avsnitt

Når du skal skrive ein verkemiddelanalyse, må du byggje opp avsnitta på ein ryddig måte. Avsnitt som handlar om verkemiddel, bør bestå av temasetning, døme frå teksten og ei forklaring på funksjonen verkemiddelet har i teksten.
jente som ser tankefull ut. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

1. Temasetning med fagomgrep

For å skape ein god struktur i hovuddelen er det lurt å starte kvart avsnitt med ei temasetning, altså ei setning som signaliserer for lesaren din kva avsnittet skal handle om. Eit døme er: "Eit verkemiddel som vert brukt i begge dikta, er metaforar." Når du skriv på denne måten, vil lesaren din skjønne kva avsnittet skal handle om, og du vert strengare med deg sjølv: "OK, no skal eg skrive om metaforar, og ikkje noko anna, i dette avsnittet." Så kan du sjølvsagt utdjupe litt etter temasetninga med setningar som: "Men medan metaforane i det første diktet er henta frå naturverda, er metaforane i det andre diktet frå bysfæren."

2. Prov i teksten (sitat)

Når du peiker på eit verkemiddel i ein tekst, bør du alltid syne lesaren din kvar i teksten du har funne det. Trekk ut sitat frå teksten som syner bruk av kontrastar, metaforar, samanlikningar osv.

3. Funksjon

Avslutt avsnittet ditt med å vise kva funksjon verkemiddelet har i teksten. Funksjonen bør du alltid knyte til tematikken i diktet. Unngå vage formuleringar som: "Dette skal gjere diktet lettare å lese." Erstatt dei heller med meir presise utsegner, som til dømes: "Denne samanlikninga forsterkar inntrykket av at det lyriske eg-et kjenner seg framandt i byen."

Mykje av kunsten med å skrive gode analysar er å formidle både korleis forfattaren skriv og kvifor han eller ho skriv på denne måten, og det er dette du gjer når du avsluttar avsnittet ditt om verkemiddel med å skrive om funksjon.

I tillegg bør passe på at avsnittet ikkje blir hengjande i lause lufta: Sjå på temasetninga di og konkluder på ein måte som speglar henne. Er temasetninga til dømes: "Besjeling er eit verkemiddel som blir mykje brukt i diktet», kan ei fin sistesetning vere: «Besjelingane bidrar altså til å gi byen liv og framstille han som levande og munter."

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 10.04.2018

Læringsressursar

Å samanlikne tekstar