Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Korleis strukturere avsnitt i samanlikningar?

Mange synest det er vanskeleg å strukturere avsnitt som samanliknar tekstar. Den gode nyheita er at dette kan du lære deg. Modelltekstar er spesielt nyttige å sjå på når du skal byggje avsnitt.
To figurar som held i kvar sin tråd og beveger dei som i bølger. På den eine står det tekst 1, på den andre tekst 2.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når du har gjennomført både nærlesing, diskusjon og førskrivinga til tekstane du skal samanlikne, er du klar til å starte med skrivinga. Etter at du har gjennomført denne oppgåva, skal du sitje igjen med fire avsnitt i hovuddelen som samanliknar innhaldet i Min kamp 4 og Sagaen om Gunnlaug Ormstunge:

  1. eitt avsnitt om motivet i tekstane
  2. eitt avsnitt om temaet i tekstane
  3. eitt avsnitt om sønene i tekstane
  4. ettt avsnitt om fedrane i tekstane
Oppgåva:

Vedlegg: Utdrag frå Min kamp 4 av Karl Ove Knausgård (2010) og utdrag frå Soga om Gunnlaug Ormstunge, skriven ned på 1200-talet.

Begge tekstane som ligg ved, handlar om forholdet mellom far og son, men det er 800 år mellom dei. Samanlikn form og innhald i dei to tekstane.

Kommentar: Du skal samanlikne både form og innhald, og du skal vise kunnskap om norrøn tid og samfunnet i dag. Du skal gjere greie for verkemiddel i tekstane, vise kva funksjon dei har og grunngi dine eigne tankar om tekstane. Bruk relevant fagspråk.

Oppgåve 1. Skriv eit avsnitt om motivet

Skriv eit avsnitt der du samanliknar motivet i utdraga frå Sagaen om Gunnlaug Ormstunge og Min kamp 4. Les først gjennom presentasjonen under og følg råda du får her.

  • Tips: Ha gjerne modellteksten på side 4 i presentasjonen framfor deg medan du skriv avsnittet ditt.

Oppgåve 2. Skriv eit avsnitt om tema

No har du lært deg korleis du kan strukturere eit avsnitt. Då er du klar for neste steg – å skrive eit avsnitt der du samanliknar temaet i tekstane.

Denne gongen vil du finne eit nytt tips i presentasjonen under: Korleis skal du gå fram for å skape magisk språkflyt i teksten din? Sjå gjennom presentasjonen under. Heilt nedst på denne sida vil du dessutan finne lenkje til ei side med oversikt over gode setningskoplarar.

Kva med tekst i kontekst?

Når du blir beden om å samanlikne tekstar frå ulike periodar, vil det vere rart om du ikkje skulle skrive noko om den konteksten tekstane kom ut i. Men kvar skal du skrive om dette?

Vi foreslår at du skriv om konteksten der det er naturleg. Når du skal skrive om motiv og tema i dei to tekstane, er det til dømes veldig naturleg at du skriv noko om ære og ætt, som jo var så typisk for ættesagaene. Kanskje vil du ha eit eige avsnitt om tekst i kontekst? Eller synest du det er betre å flette det inn i avsnitta du allereie har om motiv og tema?

Vel den løysinga du sjølv synest fungerer best.

I modellteksten, der vi samanliknar ei amerikansk novelle frå 1997 med ein norsk roman frå 2003, ville vi til dømes hatt eit eige avsnitt om tekst i kontekst etter avsnitta om motiv og tema. Her skriv vi om korleis konteksten, tid og stad for tekstane, har påverka innhaldet:

Oppgåve 3. Skriv eit avsnitt om Gunnlaug og Karl Ove

Du bør skrive eit avsnitt som samanliknar Gunnlaug og Karl Ove. Bruk det du har lært til no om korleis du skal byggje opp avsnitt og skape god flyt i språket ditt.

I presentasjonen under vil du i tillegg lære om kor viktig det er å bruke sitat når du skriv om litteratur. I tillegg skal vi sjå på korleis du bakar sitat frå tekstar elegant inn i avsnittet ditt.

Tips til samanlikninga av Karl Ove og Gunnlaug

Kven av karakterane kjem vi inn i tankane til, og kven gjer vi det ikkje med? Kva effekt har dette på korleis vi oppfattar dei to unggutane?

Korleis prøver Karl Ove å verke for faren og stemora?

Korleis røper avslutninga av utdraget kva Karl Ove kjenner for far sin?

Kva replikkar og handlingar karakteriserer Gunnlaug i utdraget?

Korleis hadde Karl Ove fungert som sagahelt?

Oppgåve 4. Skriv eit avsnitt om fedrane

Eit siste avsnitt om innhaldet i tekstane kan vere ei samanlikning av dei to fedrane i utdraget. Bruk alt du har lært til no om

  • god struktur i avsnittet
  • språkflyt
  • korleis og kvifor bruke sitat
Tips til samanlikning av fedrane

Kven av dei verkar som at dei bryr seg mest om sønene sine?

Kva sitat kan du bruke for å få fram kven som bryr seg mest?

Korleis bidreg replikkane til fedrane med å karakterisere dei?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 18.01.2021

Læringsressursar

Å samanlikne tekstar