Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Samanlikning av to dikt – slik skriv du hovuddelen

Korleis skal du gå fram når du skriv ei samanlikning av to dikt? Her får du tips om korleis du kan byggje opp avsnitt, skrive hovuddel, innleiing og avslutning.
To figurar som held i kvar sin tråd og beveger dei som i bølgjer. På den eine står det tekst 1, på den andre tekst 2. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Tips:

Det er lurt å starte med å skrive hovuddelen først og vente med innleiing, avslutning og tittel til etter at du veit kva hovuddelen din handlar om.

Viss du følgjer trinna nedanfor, vil du sitje igjen med ein hovuddel som er bygd opp på denne måten:

  • avsnitt om motiv

  • avsnitt om tema

  • avsnitt om forma til dikta

  • (fleire) avsnitt om verkemiddel

  • diverse

Alle trinna tek utgangspunkt i dikta "Signaler" av Rolf Jacobsen og "Midt i byen" av Rudolf Nilsen. Du finn desse to dikta som relasjonar nedst på denne sida.

Trinn 1. Presenter motiv og tema

Når vi snakkar om motivet i diktet, meiner vi den konkrete, ytre handlinga eller skildringa. Eit dikt kan til dømes skildre ei rose, men etter litt refleksjon kjem vi kanskje fram til at diktet eigentleg handlar om kjærleik.

Då seier vi at rosa er motivet, mens temaet er kjærleik.

Modelltekst

Sjå på avsnittet under. Det er eit avsnitt som samanliknar motivet i diktet "Midt i byen" av Rudolf Nilsen og "Signaler" av Rolf Jacobsen. Dei ulike bokstavane/fargane viser strukturen i avsnittet. Orda/frasane i tjukk skrift er gode tekstbindarar og forsterkar samanlikningsperspektivet.

Oppgåve

Skriv eit avsnitt der du samanliknar tema i dei to dikta. Bruk gjerne avsnittet om motiv som hjelp til å byggje ein god struktur. I tillegg kan du "stele" denne setninga for å komme i gang med avsnittet om du vil:

Medan motivet i dei to dikta altså er byen og lydane i byen, er tematikken ...

Trinn 2. Samanlikn forma på dikta

Når vi snakkar om forma til eit dikt, meiner vi rett og slett korleis diktet er sett opp. Det er viktig å leggje merke til korleis forfattaren komponerer diktet sitt, for forma er vald bevisst og vil ofte understreke temaet i diktet. Då bør du leggje merke til dette:

  • Er diktet tradisjonelt – det vil seie har det strofeform, rim og fast rytme?

  • Er diktet moderne – det vil seie har det avsnitt utan rim og fast rytme, og gjerne av ulik lengde?

  • Kor mange avsnitt eller strofer er diktet sett saman av?

  • Understrekar forma tematikken? På kva måte i så fall?

Oppgåve

Skriv eit avsnitt der du samanliknar forma i "Midt i byen" og i "Signaler". Følg gjerne same mal som i modellteksten over. Bruk hjelpesetningane under viss du har behov for det.

Hjelpesetningar
  • Dikta har ulik form. Medan Nilsens dikt er …

  • "Midt i byen" er eit tradisjonelt dikt med … "Signaler" derimot er … (Grunngi kvifor dikta er tradisjonelle/moderne.)

  • Den tradisjonelle forma i "Midt i byen" forsterkar tematikken fordi …

  • Dette blir understreka av rytmen som …

  • Bruken av enderim …

  • Jacobsen derimot vel ei anna løysing …

  • Diktet verkar oppstykka og oppramsande fordi …

  • Dette bidreg til å …

  • Vi ser altså at val av...

Trinn 3. Skriv om verkemiddel

Etter at du har samanlikna motiv, tema og form, kan du skrive om verkemiddel i dikta. Hugs at du skal vise korleis verkemidla styrkjer temaet i teksten, ikkje ramse opp alle verkemidla du finn.

Sjå på modellteksten under. I dette avsnittet om verdiladde ord blir det brukt mykje plass på å vise korleis verkemiddelet framstiller byen som noko positivt i Rudolf Nilsens dikt, medan dei framstiller byen motsett i diktet til Rolf Jacobsen.

Oppgåve 1

Skriv eit avsnitt om korleis besjelingar er brukt i dikta. Legg merke til at dei lydlege elementa som det står skrive om i avsnittet over, er tett knytte til desse besjelingane.

Oppgåve 2

Skriv eit avsnitt om korleis dikta blir avslutta. Her finn vi nemleg eit brot, eller noko nytt, i kvart av dikta.

Hjelpesetningar

Tema- og kommentarsetningar

  • I begge dikta markerer den siste strofa …

  • Rett nok er dette tydelegare hos … enn hos …

  • Medan vi i Jacobsens dikt …, ser vi i "Midt i byen" at …

Sitat frå dikta

  • Brotet i Jacobsens dikt kjem til uttrykk ved ...

  • I den aller siste verselinja i "Midt i byen" …

  • Metaforen "grått sinn" kan bety …

Funksjon og konklusjon

  • Når vi ser det siste avsnittet i samanheng med resten av diktet, …

Trinn 4. Kontekst

Kanskje er konteksten spesielt viktig i dei dikta du skriv om? Bør du vise spesielle kunnskapar om tida tekstane kom ut i når du tolkar dei? Skriv gjerne eit avsnitt eller to der du seier noko om perioden tekstane kom ut i. Viss det eine diktet er eit samtidsdikt, bør du reflektere sjølvstendig over korleis temaet speglar vår tid.

Oppgåve

Skriv eit avsnitt der du drøftar tekst i kontekst i dei to dikta.

Relatert innhald

Det modernistiske diktet "Signaler" (1933) av Rolf Jacobsen handlar om mennesket sitt forhold til byen.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 29.04.2022

Læringsressursar

Å samanlikne tekstar