Hopp til innhald
Rettleiing

Nærlesing av to dikt om byen

Nærlesing av tekstar har som mål å finne verkemidla som er brukte, og analysere korleis desse verkemidla løftar fram temaet i tekstane.
Korleis nærlese dikt? Ein demonstrasjonsvideo. Video: Åsa Abusland / CC BY-SA 4.0

Del 1. Nærles diktet "Midt i byen"

  1. Gå gjennom diktet på eiga hand først og sjå etter språklege verkemiddel.

  2. Samanlikn deretter med ein annan elev i klassen. Har de lagt merke til det same?

Tips til framgangsmåte
  1. Sjå på heile diktet først. Er det tradisjonelt eller moderne? Har det fri eller fast form? Er det enderim?

  2. Sjå nøye på kvar strofe og still deg desse spørsmåla:

  • Kva handlar strofa om?

  • Korleis er stemninga?

  • Korleis vert ulike verkemiddel brukte for å få fram tematikken? Hugs å setje rett namn på verkemidla undervegs.

Relatert innhald

Kjeldemateriale
Midt i byen

Rudolf Nilsens dikt "Midt i byen".

Del 2. Nærles diktet "Signaler"

Nærles diktet "Signaler" på same måte som du gjorde med "Midt i byen".

Relatert innhald

Kjeldemateriale
Signaler

Det modernistiske diktet "Signaler" (1933) av Rolf Jacobsen handlar om mennesket sitt forhold til byen.

Del 3. Samanlikn dikta.

Gå saman i grupper og diskuter likskapar og skilnader de finn i forma til dikta.