Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Val av skytenester for Kåres røyr AS

I denne oppgåva skal du vurdere kva skytenester som vil passe for den fiktive bedrifta Kåres røyr AS.
Røyrleggjar Rune Olsen i arbeid. Verktøy. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Til denne oppgåva vil du trenge skytenestekategoriane frå artikkelen om ulike typar skytenester (lenkje til artikkelen finn du nedst i oppgåva). Du vil òg måtte gjere nokre undersøkingar på nettet for finne passande skytenester som dekkjer dei ulike behova.

Kåres røyr AS

Dagleg leiar Kåre Gundersen i Kåres røyr AS har bede deg greie ut moglegheita for bruk av skytenester for å dekkje nokre av IT-behova til bedrifta. Kåres røyr AS har tjue faste tilsette. Av desse er fjorten røyrleggjarar, to arbeider på lager og gjer leveransar, éin person handterer kundekontakt, éin person arbeider med økonomi og lønn, og éin person arbeider med reinhald. I tillegg er Kåre sjølv dagleg leiar. Bedrifta har ingen med djup IT-kompetanse, og dei leiger inn IT-støtte og service ved behov.

Foreslå skytenester for å dekkje dei ulike behova som blir beskrivne. Definer òg kva kategori skyteneste kvar enkelt er, og kvifor ho er passande for denne bedrifta.

  1. Kåres røyr ønskjer ei nettside. Nettsida skal presentere nokre døme på prosjekt som Kåres røyr har gjort tidlegare. Sida skal òg innehalde enkle prislister og kontaktinformasjon til bedrifta.

  2. Kåres røyr har i dag ein lokal server som køyrer domenekontroller (AD). Kvar tilsett har brukarkonto, og dei fleste har ei berbar datamaskin dei kan logge seg på. Det er behov for ein domenekontroller, men Kåre Gundersen ønskjer helst å bli kvitt avhengnaden av den lokale serveren.

  3. Røyrleggjarane som arbeider ute i feltet, må dokumentere arbeid dei gjer, med delelister, timelister, tekstskildringar, teikningar og foto. Tidlegare har det vore eit problem at desse dokumenta ligg på ulike berbare datamaskiner og ikkje er samla og tilgjengelege for dei som jobbar i lokala til bedrifta.
  4. Kommunikasjon mellom tilsette ute i feltet og dei som er på kontor/lager, har tidlegare skjedd mest med telefon og SMS. Kåre ønskjer at alle tilsette skal ha tilgang til ei felles plattform for intern kommunikasjon som skal vere tilgjengeleg frå telefon og datamaskin. Løysinga bør gjere det mogleg å snakke direkte med tilsette eller skrive til grupper av tilsette / skrive til ei prosjektgruppe.

Ekstraoppgåve:

  1. Kor mykje vil dei ulike løysingane du foreslår, koste for bedrifta per år?

  2. Finst det billigare alternativ (men som dekkjer behovet på ein god måte) for nokon av skytenestene du har foreslått? Kor mykje kan dei eventuelt spare på alternative løysingar?

  3. Kor mykje tid og spesialkompetanse trur du Kåres røyr vil trenge for å setje opp dei ulike løysingane du har foreslått? Vil dei trenge å leige inn spesialkompetanse?


Relatert innhald

Skyteneste er når tenester, lagring og prosessering køyrer på eksterne serverparkar via Internett i staden for å vere på lokale serverar i bedrifta.

CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 29.04.2021

Læringsressursar

Virtualisering av IT-ressursar