Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oppgåver om virtualisering

Virtualisering blir brukt i mange samanhengar innan moderne IT-drift. I denne oppgåva kan du utforske virtuelle maskiner og system.
Mann står og lener seg til ein stabel av serverar. Han har ei berbar datamaskin i handa som kopierer filer. Over serverane er det ei sky. Illustrasjon.

Vi tilrår at du les artikkelen Virtuelle maskiner (NDLA) før du startar med oppgåvene.

  1. Kva er forskjellen på Type 1-hypervisor og Type 2-hypervisor?

  2. Det finst fleire produkt og leverandørar av virtualiseringssystem. Søk på nettet og finn ut kva løysingar som er mest brukte i dag.

  3. Dersom ei virtuell datamaskin ønskjer å kommunisere med ei anna virtuell maskin, korleis kan dette gjerast?

  4. Finn ut og beskriv kva "vNIC" er.

  5. Lag ei kort liste med fordelar ved å bruke virtuelle maskiner.
  6. Det er mange fordelar med virtuelle maskiner, men òg nokre ulemper. Undersøk og lag ei kort liste over utfordringar som virtuelle maskiner kan skape.
  7. Ein grunn til å bruke virtuelle maskiner er at dei er enkle å flytte mellom fysiske serverar. Finn ut og beskriv kvifor dette er tilfellet.
  8. Når du opprettar ei virtuell datamaskin, kan du justere ei rekkje parametrar. Gjer undersøkingar og lag ei liste over parametrar som er vanlege å justere.

Ekstraoppgåver

  1. Prosessorar har som oftast utvidingar for "VT-x" eller "AMD-V". Kvifor er desse viktige ved bruk av virtualiseringssystem?

  2. "Device Passthrough" eller "PCI/PCIe Device Passthrough" er vanleg i dei fleste virtualiseringssystem. Søk på nettet og beskriv kva funksjonen gjer.

  3. Lag eit døme på ein situasjon der du tenkjer at "Device Passthrough" kan vere nyttig for ei virtuell maskin.

  4. Finn ut og beskriv kva anten "Hyper-V Dynamic Memory" eller "Virtual Memory Ballooning" er.

CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 05.05.2021

Læringsressursar

Virtualisering av IT-ressursar