Spørsmål om skytenester
Vi tilrår at du les artikkelen Forskjellige typar skytenester (NDLA) før du startar med oppgåvene.
Beskriv IaaS, PaaS og SaaS med eigne ord.
I artikkelen er co-location nemnd, men dette er ganske annleis enn dei andre skytenestene. Kva er hovudforskjellane?
Dersom du skal leige ei virtuell maskin i skya (IaaS), kva ressurstypar til den virtuelle maskina kan du justere i bestillinga?
Kva utgifter kan ei bedrift spare ved å bruke skytenester framfor å ha eiga serverdrift?
IT-sikkerheit blir ofte brukt som grunngiving for å bruke skytenester. Kva argument blir brukte for å grunngi dette?
Søk på nettet og finn nyheitssaker der bedrifter som anten har lokal serverdrift eller som bruker skytenester, har fått sikkerheitsbrot.
Når du bruker ei skyteneste, kan dataa dine liggje lagra i eitt eller fleire datasenter rundt omkring i verda. Kvifor kan dette vere eit problem for personvern?
Når du leiger skytenester, kan du ofte velje mellom fastpris per månad eller kostnad per time brukt kapasitet. Finn nokre fordelar og ulemper med kvar betalingsmodell.
Relatert innhald
I denne oppgåva skal du utforske nokre problemstillingar som er typiske for skytenester.